annonse

Utfordrande fylkesvegstengingar

VEGARBEID
VEGARBEID: At det er vegarbeid både mellom Stamnes og Eidsland, i tillegg til i Teigdalen, er utfordrande for fleire. Biletet er brukt som illustrasjon og er ikkje frå det omtala arbeidet. (Foto: Vidar Herre/Arkiv)

At vegarbeid på vegen mellom Stamnes og Eidsland fell saman med vegarbeid i Teigdalen, fører til utfordringar for både Modalen-Eksingedalen Billag og folk som ferdast i området.

Jan-Egil Dyvik

Det stadfester dagleg leiar ved MEB, Nils Magne Helle.

– Når det vert utført vegarbeid på desse smale vegane me trafikkerer, så må vegen stengjast heilt lange periodar. Dermed må me også tilpassa rutetidene våre til arbeidet, seier Helle.

To fylkesvegar

Frå 23. oktober til 17. november vert fylkesvegveg 569 mellom Stamnes og Eidsland delvis stengd.

Alt frå i dag, måndag, er det vegarbeid i Teigdalen mellom Fasteland og Sevalstad på fv. 313. Her kan vegen verta stengd inntil to timar om gongen.

Ope tre gonger i arbeidstida

På fv. 569 Stamnes-Eidsland er vegen heilt stengd frå 08.30 til 16.40 måndag til fredag. Her vert det opna for gjennomkøyring tre gonger for dagen.

– Når det så kan vera stengd om ein vel å køyra over Nesheimfjellet for å koma seg til E16 og vidare til anten Voss eller Bergen, så kan det by på utfordringar, ja. Både for rute- og drosjetrafikk og andre vegfarande, seier Helle.

På fv. 569 er det ein mur som har fått kul på seg like føre Kaland på veg mot Eidsland.

– Her skal me prøva å opparbeida ei skikkeleg grøft på innsida for å hindra meir utvasking av vegbana, fortel byggjeleiar Bente Bergstø i Statens vegvesen.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.