annonse

Vaksdal vann opningskampen

HATTRICK
HATTRICK: Mathias Dahle (midten) skåra tre mål på ti minutt på Espeand, her saman med Eirik Erdal (bak) og Stian Olsnes, i kampen mot Dale på Geitabakken i fjor. (Foto: Jan-Egil Dyvik/Arkiv)

Vaksdal serieopna mot Fri på Espeland torsdag, og kom frå møtet med 5–2 siger.

Jan-Egil Dyvik

– Fyrst måtte me rydda bana for snø, og laga kom i gang – berre ti minutt forseinka, fortel Kenneth Vik i Vaksdal IL.

Trass i to halvsjansar i løpet av dei fyrste ti minutta, får Vaksdal eit tidleg mål mot seg.

– Me kom sterkt tilbake etter det, og Mathias Dale skåra ekte hat-trick i løpet av ti minutt, seier Vik.

Etter pausen går Vaksdal i same stil og får tidleg 1–4 målet då kaptein Andreas Søberg tok ansvar.

Etter dette kjem Fri til hektene og er periodevis best i midten av omgangen, og får reduserer til 2–4.

Det vart tøffe duellar og høg temperatur på bana inni mellom.

Andreas Søberg set punktum med 2–5 på eit frispark frå 17 meter som skiftar retning i Fri-muren.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.