URNA OPNA: Ove Eidsnes og Signy Vikane har opna stemmeurna på Mo, og gjer seg klare til å telja. FOTO: JAN EGIL DYVIK

Spente i Modalen

Litt over kl. 18 vart den eine av to valurner tømde i Modalen, og oppteljinga starta.

Publisert 14.09.2015 kl. 20.33. Oppdatert kl. 20.44.

- Klart me er spente på resultatet, seier ordførar Knut Moe, medan han saman med andre i formannskapet ser til at valurnene vert tømde på skikkeleg vis. Etter ei lita stund er også valurna frå Øvre Helland komen, og teljekorpset kan starta arbeidet sitt.

Utfordraren frå den andre lista, Tom Kristan Thorsen frå Solrenningslista, kjem også etter kvart. Dei samlar seg på Mobryggja, og ventar.

Sjølve teljinga plar ikkje ta så lang tid, men alle må smyrja seg med tolmod til 21. Fyrst då kan anten Moe eller Thorsen smila, og vera glad for at det er over for denne gongen.