annonse

Varm og god 17. mai-feiring

DALE
DALE: Toget på veg opp Jebsabrekko (Foto: Jan-Egil Dyvik)
DALE
DALE: Barnehagen har sin naturlege plass i folketoget. (Foto: Jan-Egil Dyvik)
STANGHELLE
STANGHELLE: Folketoget klar til avgang utanfor butikken. (Foto: Jan-Egil Dyvik)
MANGE
MANGE: Folketoget var stort på Dale. (Foto: Jan-Egil Dyvik)
GATÅ
GATÅ: Prosesjonen på veg ned Gata på Dale (Foto: Jan-Egil Dyvik)
DALE
DALE: Mange fylgde med i toget rundt på Dale. (Foto: Jan-Egil Dyvik)
MUSIKK
MUSIKK: Dale musikkforening har sin vante plass i folketoget, her i aksjon på Stanghell. (Foto: Jan-Egil Dyvik)

Det gjekk fort frå ein dryppvåt 16. mai til ein nydeleg 17. mai, der sola velsigna små og store.

Jan-Egil Dyvik

På Dale plar dei halda på tradisjonane, både når det gjeld 1. mai og 17. mai. I år vart det gjort eit lite unnatak, då sjølve ruta som prosesjonen gjekk, var lagt om.

Musikk til Daletunet

Før hamna folket på skuleplassen etter den vanlege runden rundt i gatene, forbi fabrikken og ein song eller to til dei som bur på Daletunet.

Bebuarane der fekk musikk i år også, men toget gjekk vidare til Turbinen, der folket feira nasjonaldagen for alle fyrste gong.

Jan Per Styve held tale for dagen, som elles gjekk heilt i vante spor, til tonefylgje av Dale musikkforening.

Stanghelle

Musikkforeiningane var elles også med på markeringa på Stanghelle, som gjekk litt seinare enn på Dale. Nett så pass lenge at musikantane fekk summa seg og reisa nedover.

Prisar

Her starta folketoget ved butikken og stogga på skulen. Vaksdal Båtforening fekk bygda sin Treskeipris i år, Sven Aksel Sellevold tok imot.

På Stamnes fekk Hege Eilertsen og Terje Pedersen JA-prisen for alt det gode arbeidet dei legg ned for korpsmusikken både i Stamnesbygda og elles i kommunen.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.