annonse

Varmare vêr i vente

SOMMAR:
SOMMAR: Slik ser det ut til ein vanleg sommardag på Grandane på Voss. I den siste tida har vêret heller vore prega av kaldare vêr og nysnø på fjelltoppane. (Foto: Siri Flatlandsmo/Arkiv)

Meteorologane melder sommarlege temperaturar mot slutten av helga.

Marita Saue Hamre

Dei fyrste morgonane i juli har folk i Sør-Noreg vakna opp til nysnø på fjelltoppane.

Fjellovergangar har blitt stengde på grunn av vanskelege køyreforhold og slaps i vegbana.

Men no lovar Meteorologene på Twitter varmare vêr i vente.

– Neste veke ser førebels ut til å by på sommarlege temperaturar, for dei som føretrekker det. Alt mot slutten av helga blir surt, grått og vått vêr bytta ut med varmare luft frå aust og opphaldsvêr i store delar av landet, melder dei.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse