annonse

Varme jazztonar i kaldt vêr

UTEKONSERT
UTEKONSERT: Epic Jazz Compilation, bandet til andreårsstudentane frå jazzlina ved NTNU i Trondheim hadde ansvaret for gratiskonserten på torget. (Foto: Jon Hunnålvatn Tøn)
GOD STEMNING
GOD STEMNING: Trass i skiftande vêr var det mange som møtte opp for å få med seg konserten. (Foto: Jon Hunnålvatn Tøn)
FOLKELIV
FOLKELIV: Ikkje fullt så mange som vanleg på Vossa Jazz-torget, men det vart betre utover dagen. (Foto: Jon Hunnålvatn Tøn)
LOKALMAT
LOKALMAT: Mange nytta seg av tilbodet frå lokale matprodusentar på toget laurdag. (Foto: Jon Hunnålvatn Tøn)
GRIS
GRIS: Det var sal av kjøt, poteter, laks, ost, smør, honning, sild, hattar og sjal. Her vart grisen grilla frå Voss Gardsslakteri. (Foto: Jon Hunnålvatn Tøn)

Trass i skiftande vêr under årets utekonsert vart det folkeliv på torget i år òg.

Marita Saue Hamre

Rett før konsertstart stod det berre nokre få på torget under paraplyen sin i kaldt byevêr. Men då jazzlina ved NTNU i Trondheim gjekk på scena, og spelte den fyrste songen kom solskinnet saman med folket.

Tradisjonen tru, var det andreårsstudentane frå jazzlina ved NTNU i Trondheim som hadde ansvaret for denne gratiskonserten.

– Er de her? No kjem sola, oppmoda Trude Storheim då ho introduserte bandet som ber namnet Epic Jazz Compilation.

Dei jazza i gang med neste song, og sola skein frå lettskya himmel med litt regn i lufta.

God stemning

Undervegs i konserten kom det folk vandrande, både vaksne og born.

Nokre kikka litt på kva dei lokale og kortreiste aktørane sal i buene sine, før dei stilte seg opp i ringen rundt jazzbandet. Andre stod og fylgde nøye med på konserten, og hald takten med foten sin.

Sola kom fram gjennom skydekket av og til, og varma ryggane til publikumarane.

– Tusen takk for at me får vera her. Det er kjekt å sjå så mange folk, sa den eine vokalisten i bandet.

Vossa Jazz-torget

Torget har i mange år vore ein sentral ute-arena på Vossa Jazz-laurdagen. Også i år var fleire lokalprodusentar samla for å selja varene sine.

Det var sal av kjøt, poteter, laks, ost, smør, honning, sild, hattar og sjal.

Voss Gardsslakteri grilla gris på torget. 

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.