Avisa Hordaland

Oppdatert: Torsdag 18.03.2010 08:45

«Vassenden vert spesialrådgjevar»

TRAPPAR NED: – Eg gler meg til å bli kvitt budsjett- og personalansvaret, seier Magne Vassenden, som snart har stillingsnemninga «spesialrådgjevar». Arkivfoto

Vassenden vert spesialrådgjevar

Publisert: 17.12.09 kl. 18.28
Skribent: Rolf Tepstad
E-post: rte@avisa-hordaland.no

Kommunalsjef Magne Vassenden (58) vil i løpet av våren 2010 gå over i ny rolle i Voss kommune  – som spesialrådgjevar ved rådmannen sin stab.

– Eg har passert 20 år i jobben som leiar for helse- og sosialetaten, med god margin, og synest det er nok. Må nok også tilstå at det skal bli godt å sleppa personal- og budsjettansvar, seier Vassenden i ein kommentar til «Hordaland».

Udlabua og Tvildemoen

– Kva arbeidsoppgåver skal du ha i di nye rolle?

– Det er enno eit stykke fram dit, og innhaldet i jobben er ikkje fastlagt. Men det manglar i alle fall ikkje prosjekt i helse- og omsorgssektoren. Her skal prosjekteringa på Udlabu-tomta vera klar til våren, det same skal avlastingstilbodet for born og unge på Tvildemoen, vidare har me den nye kommunale sjukeheimsavdelinga på Hagahaugen.

Den store samhandlingsreforma vil i tillegg få store konsekvensar for Voss kommune, seier Vassenden, som også spår at dette kan verta eit viktig framtidig arbeidsfelt for han.

– Eg kjem elles til å halda fram i jobben som kommunalsjef til ny sjef er tilsett, noko eg håpar er gjort innan sommaren 2010.

Vassenden opplyser at han har drøfta ein slik retrettstilling med rådmann Einar Hauge i fleire år, og at han difor er lukkeleg når han endeleg har fått avtalen i boks.

Nyskipa kommunalavdeling

Det var på Voss formannskap sitt møte torsdag at saka vart kunngjort for ålmenta, i samband med at ansvarsområdet for ei heilt ny stilling  som kommunalsjef for kultur og fritid vart presentert.

– Men det er ikkje berre denne kommunalsjefstillinga me no skal lysa ut, sa rådmann Einar Hauge, og kunngjorde at Voss kommune faktisk har to ledige stillingar som kommunalsjef.

Kommunalsjefen for kultur og fritid vil få ansvar for område som bibliotek, kino, kulturhus, ungdomsarbeid, til dømes. I tillegg vil idrett vera sentral del av arbeidsfeltet.

– Burde han ikkje då heitt kommunalsjef for kultur, idrett og fritid, undra Sigbjørn Hauge (Sp).

– Idrett er del av det utvida kulturomgrepet, minna rådmann Einar Hauge om. Men han var samd i at idrettsdelen måtte vera sterkt understreka når instruksen for jobben vart utforma.

Interaktivt

Mest lest

Mest tipsa

Siste frå galleri

  • Sjå Goa'badne
  • Eigedom
  • Stilling ledig

Smått og stort

Bilete til saka «Farne tider - 13. mars»

Farne tider - 13. mars

Biletet er frå bryllaupet til Elisabet Prestegard Nyre og David Sausjord i 1928. / Les saka

ROLEG: – Som helsesyster vert ein van med å jobba sjølvstendig, seier Marta Katrine Egdetveit, som no for tida har fullt opp med å setja seg inn i sin nye jobb. DANIEL MELVE KVARME | foto

PORTRETTET: Marta steg for steg

– Viss du skal eta ein elefant, må du dela han i små porsjonar! Marta Katrine Egdetveit ler godt og hjarteleg. / Les saka

Bilete til saka «LEIAR: Slaktar mjølkekua?»

LEIAR: Slaktar mjølkekua?

I desse dagar har vossingane fått tilsendt giro for innbetaling av eigedomsskatt. / Les saka

Du må ha Flash 8 eller nyare for å sjå dette innhaldet

Siste frå Voss

NVE varslar flaum: Etter snø kjem regn. Frosne kummar og oppsamling av is i små bekkar kan føra til lokal flaum. ARKIVFOTO: Sjur Herre

No vert det flaum

Norsk vassdrags - og energidirektorat (NVE) varslar fare for flaum. Det er meldt om mildare vêr dei neste dagane og regn opp til 1000 meters høgd. / Les saka

PÅ TUR: Medlemene i levekårsutvalet kunne ved sjølvsyn slå fast at det er smalt på skulevegane i Voss kommune. Biletet er ved Røthe på Bulken. FOTO: TOR HALVORSEN

På farlege skulevegar

VOSS: Levekårsutvalet på Voss var tysdag på synfaring for å finna særskilt farlege skulevegar. / Les saka

Søk i avisene tilbake til 2004
kan du enkelt gjera her. Skriv inn søkeordet ditt - og du får opp fleire val. Klikk på dei ulike vala og du får opp eit bilete av sida søkeordet dukkar fram på. Klikk på biletet for å lasta ned og kjøpa sida.

Søk i tidlegare utgåver:

Buy and Read

Siste frå Granvin/Ulvik

NVE varslar flaum: Etter snø kjem regn. Frosne kummar og oppsamling av is i små bekkar kan føra til lokal flaum. ARKIVFOTO: Sjur Herre

No vert det flaum

Norsk vassdrags - og energidirektorat (NVE) varslar fare for flaum. Det er meldt om mildare vêr dei neste dagane og regn opp til 1000 meters høgd. / Les saka

UROLEG: Leiar for Folkeaksjonen i Hardanger Jan Ivar Rødland er uroa over meldingane som VG kjem med. Arkivfoto: Sigrid Seim

Sima–Samnanger kan få ja

OSLO: Olje- og energiminister Terje Riis-Johansen skal vera innstilt på å seia ja til luftlina gjennom Hardanger. / Les saka

Du må ha Flash 8 eller nyare for å sjå dette innhaldet

Siste frå Vaksdal/Modalen

NVE varslar flaum: Etter snø kjem regn. Frosne kummar og oppsamling av is i små bekkar kan føra til lokal flaum. ARKIVFOTO: Sjur Herre

No vert det flaum

Norsk vassdrags - og energidirektorat (NVE) varslar fare for flaum. Det er meldt om mildare vêr dei neste dagane og regn opp til 1000 meters høgd. / Les saka

Bilete til saka «Politiet ber om hjelp»

Politiet ber om hjelp

Treng hjelp til å få identifisert ei fane. Politiet på Voss ber publikum om hjelp til å identifisera ei fane som vart funne i eit husvære på Vaksdal. / Les saka

Bilete til saka «Morgonstemning over Vangsvatnet»

Morgonstemning over Vangsvatnet

Det er ein klar og kald morgon den 1.3 mars 2010 kl 7.30. / Les saka

Bilete til saka «Vinterdag på Hamlagrø»

Vinterdag på Hamlagrø

Strålande sol, knallblå himmel, rimfrost på trea og mykje snø, nett slik me ynskjer det til påskeferien, men det er kaldt. / Les saka

Utviklet i KeyPublisher, et Keyteq AS © 2010 produkt