annonse

Vassendgutane kjem til Voss for sjuande gong

NY KONSERT
NY KONSERT: Onsdag denne veka er Vassendgutane på scena i Vossasalen. Her frå konserten på same stad for to år sidan. (Foto: Lisa Maria Breistein Sølvberg)

- Trøkket har vore veldig bra i det siste, mykje folk på konsertane og god stemning! Vassendgutane er klare for ny konsert i Vossasalen.

Nils Kvamsdal

I snart 21 år har kompisane frå Åmdalen i Ørsta helde det gåande, og ifylgje bassist og vokalist Sindre er dei langt frå leie og trøytte.

- Nei, det vert no ein god del mil på vegen kvart år, men det er ikkje så gale som folk trur!

Påsken

Dette vert fjerde oskeonsdagen på rad at Vassendgutane spelar i Vossasalen.

- Me hadde nokre år opphald, men eg trur kanskje det vert sjuande gongen me spelar på Voss i påsken. Me likar oss veldig godt på Voss og i Vossasalen. Alltid mykje folk og kjempestemning, og det set me stor pris på!

Då me snakka med Aam fredag ettermiddag var dei på veg til Gol og speling der. Så venta Kvinesdal, før siste spelejobb før påske ventar på Voss.

- Deretter vert det solkrem, appelsiner og alt som høyrer påsken til, ler Sindre Aam.

Ny plate

Mellom all spelinga er dei sju musikarane i Vassendgutane travelt opptekne i studio. Aam er litt løyndomsfull og let om at «me får no sjå om det vert noko av det». I alle fall står det mykje arbeid att.

Om dei ikkje har ny plate med seg i bagasjen, lovar Sindre i alle fall vossingane ein del nye låtar og nytt show.

Ikkje berre er showet nytt; Vassendgutane har også fått seg ein ny mann i bandet.

- Ja, me he fått oss ein steelgitarist frå Hedmarken! Henning Antonsen heiter han. Ein glimrande steelgitarist, og no har han snart lært seg dialekten òg, så no går det bra! Me hadde ein utruleg bra mann før, og har fått ein utruleg bra mann att.

Elles er karane i Vassendgutane kjende namn for blodfansen: Ernst Olaf Brune (trekkspel), Arthur Johan Bjørndal (vokal og gitar), Sindre Aam (vokal og bass), Rune Ståle Brautaset (vokal og gitar). Frank Willy Utgård (el-gitar og koring) og Kim Erik Lillestøl (trommer).

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.