annonse

Vasslekkasje råka galleri i Stallgata

VASSLEKKASJE
VASSLEKKASJE: Galleri Finborud vart råka av vasslekkasjen onsdag kveld. (Foto: Sigrid Seim)
STORE SKADAR
STORE SKADAR: Det har blitt jobba gjennom natta for å redda verdiar i galleriet. (Foto: Sigrid Seim)

Det var vore ein større vasslekkasje i Gamlameieriet i Stallgata på Voss.

Ingvild Siglen Berger

Vasslekkasjen vart meld omkring klokka 22.00 onsdag kveld, og brannvernet rykte ut til staden. 

– Der var det lekkasje i sprinklaranlegget. Då me kom fram, hadde folk på huset alt stengt sprinklarventilen, fortel Geir Ove Pedersen i Voss brannvern. 

Brannvernet drenerte resten av sprinklaranlegget for vatn.

– Det viste seg å vera ei frostsprenging i eit litt større røyr på sprinklaranlegget som var årsaka til lekkasjen. Det har ført til omfattande vasskadar, med tusenvis av liter på avvegar, seier Pedersen.

Lekkasjen starta i 3. etasje, og vatnet har gått nedover etasjane gjennom leilegheitene i bygget. 

– Galleriet i nedste høgda er særskilt råka. Også frisørsalongen har store skadar, seier Pedersen. 

Han vil skryta av folka på huset som hjelpte til med å redda verdiar frå galleriet. 

Brannvernet tilkalla RVR-bil frå Bergen, som mellom anna hadde med seg avfuktar til det vidare arbeidet.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.