annonse

Vê­ret ut­set øv­in­gar på Veko

BETRE I FJOR
BETRE I FJOR: Vêret på Ekstremsportveko var nok betre i fjor, men heldigvis er det meldt betre vêr seinare i veka. (Foto: Ingvild Siglen Berger/Arkiv)

På grunn av vê­ret vert speed­fly­ing i Gud­van­gen ut­sett på ubes­temt tid, medan Downhill-syk­lin­ga i Ba­val­len har fått nytt start­tid­spunkt.

  • Sjur Tveito

– Me er litt føl­sa­me for vêr, så det blir ik­kje ar­ran­gert no­kon tur til Gud­van­gen i dag, for­tel Arne Chris­ti­an Eide, lei­ar for speed­fly­ing un­der Eks­trem­sport­ve­ko.

Hå­par på ny dag

Sjølv om vê­ret job­bar mot ekstremsport-folka i dag, skal dei prø­va å få det til sei­na­re i veka.

– Me skal prø­va å fin­na ei luka i lø­pet av veka slik at me får ar­ran­gert speedflying ein anna dag, sei­er Eide, som opp­ly­ser om at regn og mykje vind ik­kje er op­ti­ma­le for­hold for dei som driv med speed­fly­ing.

– Det går sjølv­sagt på tryggleiken for dei som har meldt seg på. Når me skal på leng­re tu­rar med sto­re grup­per må me vera litt meir for­sik­ti­ge, for­tel Arne Chris­ti­an Eide.

Les òg:

Downhill-syk­ling

Downhill-sta­fet­ten (Ba­val­len Tag Team) som vert ar­ran­gert i Voss Resort har fått nytt start­tid­spunkt på grunn av vê­ret.

Start­sko­tet i Ba­val­len går klok­ka 12 tysdag.

Den­ne øv­in­ga er ein sta­fett for downhill-syk­lis­tar, der det er to på kvart lag.

Dei veks­lar midt i løy­pa, og alle lag får prø­va to gon­ger, der bes­te­ti­da gjeld.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse