annonse

– Vegane har fått bank

SKADAR
SKADAR: Arne Reime i Voss kommune fortel at dei ser ein god del permanente skadar på vegane rundt omkring. Det melder òg Bente Bergstø i Statens vegvesen, som vedlikeheld fylkesvegane. Biletet er frå kommunale Ringheimsvegen som har fått mykje telehiv i vinter. (Foto: Marita Saue Hamre)

I løpet av vinteren har det vorte flust med telehiv på dei om lag 240 kilometerane med kommunale vegar i Voss kommune.

Ingvild Siglen Berger

Som resultat av frosten som har vore denne vinteren, kan ein stadig oppleva område med telehiv, hol og dumpar dersom ein køyrer rundt på dei kommunale vegane. Det gjer at vegavdelinga i kommunen har ein del arbeid føre seg.

– Me jobbar med dette heile tida, reiser rundt og avdekkjer problem. I tillegg får me inn ein god del meldingar om korleis vegane ser ut rundt omkring, seier Arne Reime, fagleiar ved kommunen si vegavdeling.

Permanente skadar

Han fortel at tida no må få gå sin gang, for at vatn skal tina opp og gå ut av vegane.

– Telehiv på grusvegar går normalt sett tilbake av seg sjølv, og elles er grusvegar lettare å reparera enn asfaltvegar dersom det trengst, ved at me grusar dei opp att, seier fagleiaren.

Nokre stader vil dei òg sjå an asfaltvegar med telehiv som eventuelt kan gå tilbake. Framover vil kommunen sine representantar jobba med både skilting der det er telehiv og kartlegging.

Når det gjeld asfaltvegane i kommunen, fortel Reime at dei ser ein god del permanente skadar rundt omkring.

– Der asfalten har sprokke opp og må utbetrast med ny asfalt eller fullstendig skifte av grunn. Me har ein del vegar med dårleg grunn og bereevne, seier han.

Skal vøla

Som kommune har Voss vegar både i låglandet og i høgda.

– Det er truleg verst med telehiv her nede i låglandet, der me har hatt vekseltemperatur med frost og smelting om kvarandre. Ein veg som er frosen gjennom heile vinteren står seg mykje betre enn når det vekslar slik, forklarar Reime.

Vøling av vegskadane kjem i gong når kartlegginga av skadane er i boks.

– Me har fått midlar til asfaltering på eksisterande vegar. Det ligg inne 3 millionar i 2018-budsjettet, og elles finst det investeringsmidlar som gjeld litt forskjellig. Me har ei tilmålt mengde med pengar som må brukast på ein god måte, seier Reime.

Vegane har fått bank

Han fortel at det ikkje berre er kommunen som får slita med telehiv etter vinteren.

– Me ser dei slit på fylkesvegane og, seier fagleiaren.

Det vert stadfesta av Bente Bergstø, byggjeleiar hjå Statens vegvesen Region vest.

– I år har me opplevd ein tøff vinter, der me fekk mykje telehiv og stadig var ute for å skilta. Eg var ei stund veldig bekymra for vegane våre, seier Bergstø, og legg til:

– Dei har verkeleg fått bank! Heldigvis har det retta seg litt ut nokre stader, der det vert betre og betre.

Burde byta ut

Byggjeleiaren fortel likevel om ein god del lokale skadar på fylkesvegane, som dei vil prøva å få gjort noko med.

– Problemet er at me har dårlege budsjett på drift og vedlikehald, der 90 prosent går til drift av vegnettet og 10 prosent til vedlikehald. Så det er vanskeleg, men det er klart at er det snakk om skikkelege skadar så må me reparera, seier Bergstø.

Det er driftsentreprenøren hjå Statens vegvesen som registrerer skadar, i tillegg til at dei tilsette òg kjem over ein del sjølv. Bergstø kjem med eit lite hjartesukk:

– Når telehivet er på sitt verste så tenkjer ein at ein heil haug med vegar skulle vore bytta ut. Ein del av fylkesvegane er berre asfaltert oppå ein dårleg vegkropp. Hadde me hatt god økonomi burde me gjort noko drastisk med vegnettet, og ikkje berre leggja nytt dekke. For det har så kort levetid, meiner ho.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.