annonse

Vegen til Voss ski- og tursenter vert asfaltert

FÅR ASFALT
FÅR ASFALT: No vert vegen til Voss ski- og tursenter asfaltert, og det vert truleg populært mellom rulleskiløparar. Biletet er brukt som illustrasjon. (Foto: Sjur Herre/Arkiv)

Denne veka vert vegen frå Skutle til NM-arenaen asfaltert.

Ørjan Brattetveit

– Grusvegen frå Skutle og opp har ikkje halde god nok standard. Det har vore svært mange humpar og hol. Så asfalteringa er eit stort lyft for Voss ski- og tursenter og dei andre brukarane av vegen, seier Lars Selheim. Han er styreleiar for ski- og tursenteret.

I tillegg til at asfalteringa gjer det lettare for brukarar av skianlegget og for hyttefolk å koma fram, vert det truleg også populært for rulleskiløparar å bruka vegen opp til løypene.

Asfalteringa tok til måndag, og er rekna å vera i mål fredag ettermiddag. I dette tidsrommet er vegen stengd.

– Det er omkøyring over Bordalen, seier Selheim.

Vegstrekninga er 2,3 km lang, og arbeidet er eit samarbeid mellom Skutle veglag, Voss Hyttegrend og Voss ski- og tursenter.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.