annonse

Vegvesenet drøftar trafikkulukker langs E16

TUNELLULUKKER:
BEITLATUNNELEN: I løpet av to dagar skjedde det to trafikkulukker i to forskjellige tunellar langs E16. Statens vegvesen har vurdert om det er ein samanheng mellom ulukkene og tunellarbeidet. (Foto: Marita Saue Hamre)

Statens vegvesen har hatt synfaring og møte etter trafikkulukker langs E16 den siste tida.

Marita Saue Hamre

I løpet av to dagar var det to trafikkulukker lang E16.

Ei front mot front-ulukke i Langhelletunnelen og eit samanstøyt mellom tre bilar i Beitlatunnelen i Vaksdal kommune, i tillegg til fleire stengingar på grunn av gjenstandar i vegbana langs E16.

I begge tunellane går det føre seg oppgraderingsarbeid.

No har Vegvesenet drøfta tunellulukkene, ifylgje Vaksdalposten.

– Me har hatt synfaring og vurdert dette, men førebels veit me lite om ulukkene. Me har hatt ein generell runde på kva me kan gjera for at forholda i tunellane kan bli betre, fortel Eirik Røthe i Statens vegvesen til avisa.

Les òg:

Veit ikkje årsaka

På spørsmål om det kan vera ein samanheng mellom ulukkene og tunellarbeidet kan ikkje Røthe i Vegvesenet svara sikkert.

– Me har ikkje fått opplysingar eller beskjed frå politiet om at det er ein samanheng. Men me veit ikkje nok til å utelukka det heller. Pågåande arbeid langs veg er ein distraksjon i seg sjølv og tek merksemd frå køyringa, samtidig som auka sommartrafikk gjer det same, seier Røthe.

Nærmar seg ferdige

Langhelletunnelen mellom Vaksdal og Trengereid er ferdig asfaltert, i tillegg skal midtlina bli fresa og merka før ferien i juli.

Røthe opplyser til Vaksdalposten at dei har fått opp lys i tunellen, men at det berre er nokre av lyskursane som er sett i drift.

– Me lyt òg fjerna refleksane på sida av vegen. Det vil hjelpa på forholda i tunellen.

Asfaltering før ferie

I Beitlatunnelen på Dale går det føre seg asfaltering, og Vegvesenet håpar på å få til merking av midtlina før ferien.

I tillegg er det planlagt å få i drift nokre av lyskursane før ferien.

I dei fleste tunellane som er under opprusting på Vestlandet blir det stans i arbeidet nokre veker i sommar.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse