Avisa Hordaland

Nyhende

Vekas beste sommarfoto

Vekas beste sommarfoto

Reidun Tveito tok det beste sommarfotoet denne veka.

annonse

Hordaland sin årlege sommarfotokonkurranse er i full gang.

Reidun Tveito tok dette blinkskotet av ein sau som leikar «gøymsel i skogen». Biletet gav juryen ein god latter, og det formidlar ei sterk stemning av attkjenneleg norsk sommar.

I heile sommar vert det kåra ein vekevinnar som stikk av med ein flott premie.

Til slutt vert det kåra ein hovudvinnar mellom dei sju vekevinnarane.

Hobbyfotograf?

Har du ein liten hobbyfotograf i magen?

Tema for konkurransen er fritt, og me oppmodar alle til å vera med!

annonse

Send bilete og fullt namn på e-post med kontaktinfo til sommar@avisa-hordaland.no.

Merk med «sommarfoto» i emnefeltet.

Sjå dei innsende lesarfotoa under:

Albuma vert oppdaterte etter kvart.

Her er nokre av bileta som også var med og kjempa om sigeren denne veka:

Heidi Reisegg Endal - SOLNEDGANGSSTUP Finst det ein betre måte å avslutta ein feriedag på?

SOLNEDGANGSSTUP: Finst det ein betre måte å avslutta ein feriedag på?Foto: Heidi Reisegg Endal

Bente Lund Michaelsen - KVELDSSTEMNING To padlarar på ein blikkstille fjord.

KVELDSSTEMNING: To padlarar på ein blikkstille fjord.Foto: Bente Lund Michaelsen

Lars N. Opheim - DRENGEN MIN Det er godtå få litt hjelp til mating.

DRENGEN MIN: Det er godtå få litt hjelp til mating.Foto: Lars N. Opheim

Tord Kulen - UTSYN Også sauene trivst på Kiellandbu.

UTSYN: Også sauene trivst på Kiellandbu.Foto: Tord Kulen

Claude Lebreux - FYRST PÅ TOPPEN Markus Skeie-Lebreux og Ola Skeie Gamkinn på Oksen. Dei høyrde torden og lyn  nærma seg, men dei svarte skyene bøygde av, ut i fjorden.

FYRST PÅ TOPPEN: Markus Skeie-Lebreux og Ola Skeie Gamkinn på Oksen. Dei høyrde torden og lyn nærma seg, men dei svarte skyene bøygde av, ut i fjorden.Foto: Claude Lebreux