annonse

Veko-camp på Bømoen både i 2018 og 2019

CAMPING
CAMPING: Ekstremsportveko og Bømoen AS har no skrive avtale om bruk av Bømoen leir som festivalcamp for to år framover. (Foto: Vidar Herre/Arkiv)

Ekstremsportveko har skrive avtale med Bømoen AS om bruk av den gamle militærleiren som festivalcamp to år framover.

Rolf Tepstad

Bømoen var også festivalcamp for Veko i fjor, då som ei prøveordning.

Før dét var Smalahovetunet på Løno festivalcamp i mange år.

– Røynslene frå i fjor var utelukkande positive. Difor har me no signert ein ny avtale for to år framover, opplyser Olav Lægreid, styreleiar i Bømoen AS.

Toårig avtale

– Me hadde ei evaluering etter fjoråret, og konkluderte raskt med at dette er noko me ynskjer å driva med i Bømoen. Difor no ein toårig avtale, seier Lægreid til Hordaland.

– Også me i Ekstremsport­veko gjorde gode røynsler i fjor, og er glade for avtalen me no har fått, seier dagleg leiar Kjetil Kriken.

– Trur heller ikkje det er mange andre festivalcampar som kan gje folket tilbod om å sova innandørs, i seng, slik tilfellet er her. På campen kan me hysa godt 280 innandørs, der det òg er dusjar og toalettanlegg, og i tillegg har me jo ein stor teltplass. Så her skal det vera plass til nokså mange hundre alt i alt, gjer Kriken klart.

Morgonyoga

– Skal det også vera arrangement i Veko sin regi her oppe?

– Det hadde me i fjor, i den militære hinderløypa, men dette har me gått bort frå i år. Kort og godt fordi det er meir problematisk i høve publikum. Tevlinga Vossakrigar er difor flytta tilbake til festivalområdet denne gongen, kan Kriken fortelja.

På festivalcampen vil det såleis ikkje vera organiserte felles­tiltak dette året, med eitt unnatak.

– Kvar morgon tilbyr me ei fellesøkt med yoga inne i militær­leiren. Kanskje ikkje den typiske ekstremsporten, men i alle fall ein fin start på dagen, gjer Kjetil Kriken klart.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.