annonse

Veko-opninga vart utsett igjen

VENTAR
VENTAR: Basehoppar Frode Johannessen (t.v.) skal, om vêrtilhøva er greie, hoppa klokka 21.30. (Foto: Vidar Herre)

Måndag var det vinden som stogga opningsshowet.

  • Lisa Maria Breistein Sølvberg

Opningsshowet for Ekstremsportveko 2017 vart måndag kveld utsett endå ein dag, til tysdag klokka 20.  

Fallskjermshowet var eigentleg planlagt sundag kveld, men regnet sette ein stoggar for dette. Måndagen var det den kraftige vinden som stogga ekstremsportutøvarane. 

Det var vindkast på over 12 m/s, noko som er for kraftig til å gjennomføra trygge hopp. 

Badehoppar Frode Johannesen (biletet) er ein av dei som skal delta på opningsshowet, og planen er at han skal hoppa base frå krana som står oppstilt på Prestegardslandet. 

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.