annonse

Vekselbanken er nummer éin i tilfredse kundar

NUMMER 1
NUMMER 1: Kine Klokkersund og Ingunn Øvsthus (i front) fekk premie for deltakinga i kundeundersøkinga som førte til at Vekselbanken vart nummer 1 i landet av 96 bankar. (Foto: Katrine Nordanger Mjelde)
FEIRA
FEIRA: Banksjef Stig Gunnar Røthe, Solfrid Dagestad Midtun, Jon Sindre Rødland, Ingunn Øvsthus, Kine Klokkersund og Peter Altenau. (Foto: Katrine Nordanger Mjelde)

Vekselbanken er kåra til den beste lokale banken i ­landet. Det må sjølvsagt feirast med kake.

  • Katrine Nordanger Mjelde

I ei kundeundersøking er Veksel­banken kåra til nummer ein av 96 bankar. Det er ei undersøking som er blitt gjort av Eika-alliansen tidlegare i år der om lag 200 kundar i kvar bank svarer på eit standard spørjeskjema. Her gjekk Vekselbanken sigrande ut.

– Det er veldig kjekt for oss å få fyrsteplassen. Me har tidlegare lege høgt oppe, men aldri vore nummer ein, seier banksjef Stig Gunnar Røthe.

– Det er flott at bygda kan hevde seg i nasjonal målestokk. Det er honnør til heile bygda, seier han.

Dyktige tilsette

Banksjefen evaluerer litt sjølv over kvifor dei nådde toppen denne gangen.

– Eg trur det er fordi me har dyktige tilsette og at me set kunden i sentrum. Me har høgt servicenivå og konkurransedyktige prisar på tenestene våre. Eg håpar at kundane opplever oss som fleksible og at me finn gode løysningar ­saman med kunden. Me står med kunden i gode og i dårleg tider, og det er nok i dei dårlege at dei treng oss mest på laget. Kundane veit kvar dei har oss, fortel Røthe.

Kundekontakt

Vekselbanken ynskjer at det alltid skal vera mogleg for kundane å komma til banken og møta folk.

– Me ynskjer ikkje å bli heildigitale, men at når ein kjem til oss, så er det eit menneske som kan hjelpa deg med det du måtte lura på, seier banksjefen.

– Dei eldre kvir seg gjerne til å måtta bruka nettbanken, men då kan dei koma inn her til oss, så hjelper med dei med å få det i gang og visa korleis det skal gjerast. Berre det å setja opp dei automatiske løysningane som avtalegiro hjelper godt på, seier Solfrid Dagestad Midttun, avdelingsleiar for PM.

– Eg opplever og ofte at dei eldre er dyktige og dedikerte til dei digitale løysningane og hiver seg på når dei får dei, seier Jon Sindre Rødland, avdelingsleiar for kundeservice.

To heldige kundar

Han og dei andre tilsette har invitert to kundar på kake og kaffi. Ingunn Øvsthus og Kine Klokkersund deltok i under­søkinga og vart trekte ut av Eika til å få kvart sitt gåvekort på ­tusen kroner for deltakinga.

– Nokre gonger vel man å ta slike undersøkinga, andre gonger ikkje. Det var no bra eg tok denne då. Eg bytte frå Sparebanken til Vekselbanken og er veldig nøgd med det, seier Øvsthus.

Klokkersund er eigentleg frå Møre, men sambuaren er frå Voss og saman bur dei i ­Bergen. Han fekk ho til å byta bank så dei begge høyrer til i same ­banken.

– Det er greitt for oss å kunna ha same banken, og eg har alltid vore nøgd med Vekselbanken, seier Peter Altenau.

Begge to skryter av rådgjevarane sine og den gode hjelpa dei får frå banken.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.