TURISTVEGEN VEST: Rv 7 over Hardangervidda er tenkt som hovudsamband for reiselivet. ARKIVFOTO: Sigrid Seim

Vel tre hovudsamband over fjellet

Regjeringa meiner Rv 52 over Hemsedal, E16 over Filefjell og Rv7 over Hardangervidda har heilt ulike roller, og vel alle tre til hovudsamband, i tillegg til E134 over Haukeli.

Publisert 20.03.2017 kl. 15.02. Oppdatert kl. 16.08.

Kampen om å verta det nordlege hovudsambandet har stått mellom E16 over Filefjell, Rv 52 over Hemsedal og Rv7 over Hardangervidda.


Hovudsamband for turismen

E 134 er alt bestemt som det sørlege hovudsambandet.

I går vart regjeringa sin konklusjon for dei nordlege kandidatane kjent, då parlamentariske leiar i Høgre Trond Helleland, gjorde greie for regjeringa og samarbeidspartia si avgjerd på Hardangerviddakonferansen «Rein Vidde» på Geilo. Føredraget hans vart sendt direkte på NRK.

Regjeringa ynskjer ei funksjonsdeling mellom Rv 52 og Rv 7, ved at Rv 52 tek seg av næringstrafikken og tungrafikken, medan Rv7 vert eit hovudsamband for persontrafikk og turisme.


E16 vert avlastingsveg

- Vegane er alle viktige, og dei har alle sine ulike roller og funksjonar. Dei som ferdast på dei har også ulike behov. Difor er det kanskje på tide å leggja frå seg den evige krangelen om kva veg me skal velja. Me vil satsa på Rv7 som eit hovudsamband for turisme, og Rv52 som hovudsamband for næringstransport. Me vil få laksen ut og turistane inn, for å seia det slik, sa Helleland på konferansen.

E16 er vintersikker, men er også lengste vegen i køyreavstand Oslo-Bergen. Vegen skal fullførast og vera ein viktig avlastingsveg når andre overgangar er stengde, forklarte Helleland.