annonse

Ver litt kylling i påsken!

GLADKONTROLL I FJOR
GLADKONTROLL I FJOR: Ida Totland Wågheim og Toralf Wågheim på veg til hytta vart stogga under gladkontrollen på Kvåle i påsken 2017. No håpar Statens vegvesen på ein trygg påske i trafikken. (Foto: Ingvild Siglen Berger/Arkiv)

Påsketuren for mange startar i bilen. Statens vegvesen ynskjer at alle skal koma trygt fram og opp­muntrar trafikantane til å køyra ­forsiktig.

Geir Geitle

Ein tidleg påske med mykje skiftande vêr, snø og is kan gje krevjande føreforhold. Med over halve landet på farten, kan det også bli lange køar fleire stader. Vegdirektør Terje Moe Gustavsen ber trafikantane ta det med ro.

– Våg å vera litt kylling i påsken. Senk farten, fylg køen og dropp farlege forbikøyringar. Du sparar lite tid på å ta dumdristige val i trafikken, men utset både deg og andre for fare. Ved å ta omsyn og køyra forsiktig, kjem både du og dine medtrafikantar trygt fram, seier han.

Påskeulukkene

I fjor viser førebels tal éi døds­ulukke og 66 ulukker med personskadar i påsken. Dei siste tre åra har det i snitt vore 71 ulukker. For ti år sidan, i 2008, var talet tre gonger så høgt, 212 ulukker.

– Desse tala viser den same positive utviklinga som ulukkes­tala generelt. Talet på trafikkulukker er kraftig redusert dei siste åra og me håpar ­påsken i år vil bidra til den positive trenden. Éi ulukke er éi for mykje, seier Gustavsen.

Unngå lause gjenstandar

Det er ikkje berre når du pakkar til skituren at du bør tenkja deg om. Å pakka rett er viktig også for bilturen.

– Når du pakkar påskesekken, er det lurt å pakka dei store og tunge tinga nedst og bakarst i sekken. Det same gjeld i bilen. Lause gjenstandar utgjer også ein vesentleg fare, så sjå til at nettbrett, skistøvlar og påske­egg er forsvarleg sikra, seier Gustavsen.

Vegvesenet sine tips:

▪ Planlegg turen! Strekningskart og oversikt over stengde vegar finn du på vegvesen.no/trafikk. På vegvesen.no/webkamera kan du også sjekka vêr og føre 537 stader i landet, 115 av desse viser video.

▪ Pakk bilen rett. Store ting skal nedst og inst i bagasjerommet, unngå lause gjenstandar og ha berre lette saker i skiboksen på taket.

▪ Bruk bilbelte! Både i bilen og i bussen.

▪ Tilpass farten etter forholda og køyr aldri over fartsgrensa.

▪ Stopp og sov viss du blir trøytt.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.