annonse

VGS-elevane samla inn 173.000 kroner til kreftsaka

SAMLA INN MYKJE
SAMLA INN MYKJE: Guro Litlere og Marte Kvåle Midtbø frå Voss gymnas og Vatle gjekk i bresjen for russen sitt krafttak på Voss. Heile 173.000 kroner samla dei vidaregåande elevane inn på Voss. (Foto: SIRI FLATLANDSMO)

Under krafttak mot kreft, samla dei vidaregåande elevane på Voss inn heile 173.000 kroner, opplyser Anne Lise Ryel og Geir Vangsnes i Kreftforeningen.

  • Anne Lise Ryel Generalsekretær I Kreftforeningen Geir Vangsnes Distriktssjef Bergen

I dei siste vekene har godt over 25.000 personar rundt om i landet engasjert seg på ulikt vis i eit Krafttak mot kreft. Og for eit krafttak dette har vore.

44 millionar passert

I skrivande stund har me passert 44 millionar kroner i innsamla pengesum,

I Hordaland og Sogn og Fjordane er talet nesten 6,2 millionar kroner. Ein sum som i seg sjølv er svimlande, og når målet vårt var 40 millionar kroner, seier det seg sjølv at me i Kreftforeningen er svært nøgde med aksjonen i år.

Stor innsats av vossarussen

Det er utruleg hyggjeleg å sjå kor motiverte og heilhjarta for eksempel russen har engasjert seg i aksjonen. Berre på Voss sine vidaregåande skular vart det samla inn 173.000 kroner. Me kunne nemnt mange fleire. Dette er rett og slett tidenes Krafttak mot kreft.

Me vil derfor retta ei stor takk til alle de som har gitt av tida si, det vera seg frivillige, russen, og lag og foreiningar. Og så ynskjer me å retta ei ekstra stor takk til alle dei kreftråka som har stått fram med sine sterke og svært personlege historier og erfaringar. Me er svært takknemlege og audmjuke for den innsatsen og engasjementet de alle har vist før, og under, desse aksjonsvekene. Uten de hadde ikkje dette vore mogleg.

Og til alle de som har gitt på bøssene og/eller via Vipps eller digitale innsamlingar: Tusen hjarteleg takk skal de ha! Me lovar å forvalta pengane godt. Kvar krone har mykje å seia.

Livsforlengjande behandling

Pengane som er samla inn skal i år gå til forsking på livsforlengjande behandling og tilbod til alle som lever med ein uhelbredeleg kreftsjukdom. Målet er at dei som er ramma skal få så mange gode år som mogleg, med best mogleg livskvalitet, både for den som er sjuk og for deira pårørande.

Me ynskjer kort fortalt å gje dagar til livet, og liv til dagane. No kan me ta fatt på dette arbeidet takka vera de frivillige og gjevarar. Saman skaper me håp!

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.