annonse

Vikafjellet opna etter snøras

Eit mindre snøras gjekk onsdag kveld over rv. 13 ved Holesvingane.

Ingvild Siglen Berger

Det melde Vegtrafikksentralen vest på Twitter like før klokka 21.00. Rett etter klokka 21.30 vart vegen opna for fri ferdsel att.

Snøraset hadde gått i øvste sving før fjellet, og dekka vegbana. Entreprenør kom seg kjapt til staden for å rydda, då dei berre var omkring 15 minutt unna då meldinga om snøraset kom.

Ingen køyretøy vart treft i hendinga.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.