annonse

– Viktig å høyra på ungdomsrådet

DEI UNGE
DEI UNGE: Ungdomsrådet presenterte seg for dei folkevalde i sist veke, frå venstre nestleiar Jakob Farestveit, Johanne Midttun, Julie Brekkhus, Malene Nese, Malena Øvre Helland, Kaia Mo Eikefet og Ask Nåmdal. Sigrid Neset og Hilde Brørvik (leiar), var ikkje til stades. (Foto: Jan-Egil Dyvik)

– Me har to svært aktuelle saker som me gjerne vil høyra kva de meiner om, var svaret ungdomsrådet fekk då dei presenterte seg for ­kommunestyret i sist veke.

Jan-Egil Dyvik

Det er varaordførar Kristin Nåmdal som er sekretær for rådet. Ho understreka at det ikkje er så vanskeleg å etablera eit slikt råd, men kanskje noko vanskelegare å driva.

– Dei brukar i alle fall av fritida si for at Modalen skal verta ein endå betra stad å bu, og det fortener dei ros for, meinte Nåmdal.

Det var Jakob Farestveit, nestleiar i rådet, som førte ordet for ungdomsrådet.

– Me vil gjerne involvera oss meir for samfunnsutviklinga i dalen. Kva meiner de me skal gjera? spurde han.

To aktuelle saker

Sigmund Vikane gav dei unge svar på tiltale, og ville høyra kva dei meiner om to svært ­aktuelle saker.

– Det eine er kva de meiner om det nye service- og teneste­senteret me har planar om å reisa i Modalen. Dette har me snakka om lenge. Og i den samanhengen har de kanskje også tankar om korleis me bør bruka pengane me har, sa Vikane.

Den andre saka han ville ha ungdommeleg råd om, er bustadbygginga og område for dette, som kommunen også er i ferd med å planleggja.

– Kanskje ikkje den saka er så aktuell for dykk nett no. Men, me vil alle at de skal koma tilbake etter at endt utdanning. Og då treng de ein stad å bu, sa Vikane.

Samarbeid

Ordførar Tom Kristian Thorsen forklara rådet litt den lokalpolitiske situasjonen i kommunen.

– Me har to lister, Solrennings- og Samlingslista. Men me sit ikkje på kvar side av bordet, me sit litt om ein annan og prøver å samarbeida så godt det let seg gjera, sa Thorsen.

Han la til at det svært bra om ungdomsrådet vil meina noko i saker som er aktuelle.

– Me skal i alle fall lytta til kva de seier, de kan eg lova. Men eg kan sjølvsagt ikkje garantera at me fil alltid vil fylgja råda me får, avslutta han før dei folkevalde gav applaus til rådet.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.