annonse

– Viktige innspel til Bømoplanen

ORDFØRAREN
ORDFØRAREN: – Eg ynskjer ikkje å gå inn i nokon polemikk og diskutera kven som har skuld og ikkje skuld no. Eg har sagt ved fleire tidlegare tilhøve at eg har valt å lata støyproblematikken på Bømoen liggja i påvente av arbeidet med Bømoplanen, seier Hans-Erik Ringkjøb. (Foto: Terje Hjartnes)

– Både tidlegare kommunelege Berge og andre sine liknande innspel er viktige å ta med i arbeidet med Bømoplanen.

Nils Kvamsdal

Det seier ordførar Hans-Erik Ringkjøb. I eit lesarbrev sist veke skulda tidlegare kommunelege Reidar Berge kommunen og ordføraren for å ha svikta oppgåva si med å ta støyproblematikken på alvor.

– Eg ynskjer ikkje å gå inn i nokon polemikk og diskutera kven som har skuld og ikkje skuld no. Eg har sagt ved fleire tidlegare tilhøve at eg har valt å lata støyproblematikken på Bømoen liggja i påvente av arbeidet med Bømoplanen. Det kan eg godt ta sjølvkritikk på, og den kritikken kan godt vera rettmessig, men slik er det. Både Berge og mange andre har kome med innspel når det gjeld flystøyen, og dette er viktige moment å ta med i arbeidet med Bømoplanen, seier ordføraren, som ikkje ynskjer å forskotera korkje konklusjonar eller vekting av moment i dette arbeidet.

Bømoen er også eitt av mange plantema som for tida er oppe i samtalar mellom kommunen og fylkesmannen. Dette er del av ein pågåande prosess, og Fylkesmannen kom i går med sin uttale i saka. 

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.