annonse

Vil at vossabedrifter skal laga reklame til Askepott-filmen frå Bordalen

LATTERMILDE
LATTERMILDE: Sigbjørn Rognebakke og Randi Beate Haug var nokon av dei som var med på innspelinga av «Tre nøtter til Askepott» med Bordalen Ungdomslag. No vil dei spreia gleda. (Foto: Ingvild Siglen Berger)
BLID SKODESPELAR
BLID SKODESPELAR: Jan Morten Rong spelte Vitek under innspelinga i vinter og vår. (Foto: Ingvild Siglen Berger)
GØY PÅ INNSPELING
GØY PÅ INNSPELING: Linn Rio og Gunnvor Litlere kosa seg på settet til lokalversjonen av filmen «Tre nøtter til Askepott». (Foto: Ingvild Siglen Berger)

Det var ein gong eit ungdomslag som la ut på filmeventyr. No søkjer dei reklamefilmar til premieren.

Siri Flatlandsmo

– Me vil at alle skal få ein smakebit av kor moro me har hatt det med filminnspeling, seier Marit Norheim Olde i Bordalen Ungdomslag.

Den lokalproduserte versjonen av velkjende «Tre nøtter til Askepott» er no i sluttfasen av redigeringa.

Om ein knapp månad, 20. oktober, har filmen premiere.

Vil få publikum til å le

I vinter og vår leika ungdomslaget seg med innspelinga. No vil dei at bedrifter skal ha det like kjekt.

Men det er òg eit mål at publikum skal ha det moro.

– Me håpar på litt humoristiske reklamebidrag som kan få folk til å le, seier Asgeir Rognebakke.

«Tre nøtter til Askepott» skal visast i alle fall seks gonger på Hovdatun.

– Det er viktig at folk kjem seg ut på bygda og at ikkje alt skal skje i sentrum, synest Norheim Olde.

Men du må ikkje reisa austanfor sol og vestanfor måne for å få med deg dette, berre til Bordalen.

Publikum kårar beste reklame

I tillegg til at bedriftene kan sikra seg moro i innspelingsfasen, får dei altså reklamert for eiga bedrift. Mot ein tusenlapp, rett nok.

Men viss reklamefilmskaparane finn fram sine indre humoristar, kan det løna seg. I alle fall viss dei greier å laga skoen som passar publikum. Tilskodarane har nemleg makt.

– Det er publikum som skal stemma på kva reklamefilm dei synest er best, fortel Norheim Olde.

Dei håpar på gode publikumstal.

Nøgd med resultatet

No nærmar det seg snipp, snapp snute for filmen til ungdomslaget.

– Det sosiale har vore viktig for oss. Og å skapa ein møteplass der unge og vaksne kan leika i lag, fortel Norheim Olde.

Ho er nøgd med resultatet.

– Det ser veldig bra ut no. Eg ler godt. Det er jo humor!

Men eventyret er ikkje ute før langt om lenge enno. Fristen for å senda inn reklamefilmar går ut 12. oktober.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.