annonse

Vil byggja gigantbygg i Eidfjord

GIGANTBYGG
GIGANTBYGG: Omformarstasjonen er planlagd til å vera litt under 22.000 kvm. (Foto: Norconsult Hardanger)
I EIDFJORD
I EIDFJORD: Ordføraren i kommunen håper sjøkabelen og omformarstasjonen kan gje nye arbeidsplassar og inntekter. (Foto: Norconsult Hardanger)
SIMA OMFORMERSTASJON
SIMA OMFORMERSTASJON: Slik kan det nye bygget verta. (Foto: Norconsult Hardanger)

Denne veka sender selskapet NorthConnect inn søknad om å få byggja undersjøisk straumkabel frå Sima i Eidfjord til Skottland.

Ingvild Siglen Berger

Det var NRK Hordaland som fyrst omtalte saka. Med sjøkabelen er det òg planlagd ein stor omformarstasjon i Eidfjord, dersom NorthConnect får søknaden godkjend og alt går etter planen.

– Bygget er planlagt til å vera litt i underkant av 22.000 kvm. Men dette er ein søknad, så det kan alltids verta mindre, seier Øyvind Ottersen i NorthConnect til Hordaland.

Positive

Bygninga er teikna av arkitektane Ivar Tveito Eidnes og Ingebjørg Sekse frå Norconsult Hardanger. Ordførar i Eidfjord, Anved Johan Tveit, håpar kraftprosjektet kan gje både arbeidsplassar og inntekter.

– Me har stort sett vore positive til kraftutbygging heilt frå det vart bygd ut her på 70-talet. Eg har ikkje inntrykk av at den haldninga har endra seg vesentleg, seier han til NRK.

Kopla marknadar

Snart skal saka opp i kommunestyret, og det skal arrangerast folkemøte for innbyggjarane. Selskapet som vil byggja sjøkabelen er eigd av svenske Vattenfall, Agder Energi, Lyse Produksjon og E-CO.

– Det viktige med sjøkabelen er å kopla det norske straumsystemet, basert på vasskraft, opp mot det skotske som er basert på vindkraft. Det bles mykje i Skottland, men ikkje alltid. Ved å bruka den norske vasskrafta kan ein regulera straumen i Skotland når det ikkje bles. Vidare kan dei eksportera billig kraft til Noreg når dei har mykje vind. Det handlar om å kopla marknadar, seier Ottersen.

Usikker effekt

NRK skriv at planane om sjøkabelen vert møtt med skepsis frå fleire i industrien, som mellom anna meiner effekten av alt planlagde sjøkablar til England og Tyskland er usikre, og at ein difor bør venta.

NorthConnect håpar prosjektet kan vera ferdig i årsskiftet 2022–2023.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.