annonse

Vil etablera laboratorium for å ta steinprøvar

MODALEN
MODALEN: Oddbjørn Trohaug har søkt næringsfondet om stønad til etablering av eit tilsagslaboratorium for å ta prøvar av stein. (Foto: Sjur Herre/Arkiv)

Oddbjørn Trohaug vil etablera eit såkalla tilsagslaboratorium for å ta prøvar av ulike steinprodukt.

Jan-Egil Dyvik

Det kjem fram av ein søknad som næringsfondet skal ha føre i komande veke.

Prøvetakinga skal dekkja produsentane sine behov for produksjonskontroll. Kundesegmentet er alle firma som produserer steinmaterialar, skriv assisterande rådmann Ove Sæbø, i ei sak til styret for næringsfondet.

I søknaden er dei totale kostnadene for laboratoriet rekna til vel 800.000 kr, der laboratorieutstyret er ført opp med nesten 550.000 kr.

Dei andre kostnadene er bilhengjar, brakker, el-installasjon og stålhall til vel 260.000 kr.

– Søkjaren viser til kompetanse og erfaring innanfor næringa. Han trekkjer også fram kunnskap om marknaden, og har gjort vurderingar som viser at det er plass til ein ny aktør i marknaden, heiter det i saksutgreiinga.

Søkjaren reknar med ein ny arbeidsplass ved oppstart, og tre etter fem til sju år.

Det vert såleis rådd til å gje stønad med inntil 50 prosent av dei totale kostnadene. 250.000 kr som lån og 157.000 kr som tilskot, går det fram av tilrådinga.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.