annonse

Vil få Eidfjord med i Voss veterinærvaktdistrikt

HOS VETERINÆREN
HOS VETERINÆREN: Modalen ynskjer Eidfjord med i veterinærvakta på Voss. – Dette har også noko å gjera med å få nok veterinærar til å vera med i vaktordninga, seier rådmann Jo Tømmerbakke. (Foto: Vidar Herre/Arkiv)

Hardangerbrua og stengde vegar, gjer at det er fornuftig for alle partar at Eidfjord kjem i veterinærvakta på Voss.

Jan-Egil Dyvik

– Landbruksdepartementet er ikkje heilt samd med oss i at Eidfjord skal kunna gå ut av vaktdistriktet dei er i med Ullensvang og Odda. Men me arbeider vidare for at det skal kunna skje, sa rådmann Jo Tømmerbakke, til formannskapet tysdag.

Tømmerbakke refererte frå arbeidsgruppa som er i gang med å sjå på veterinærvakta i våre område. På den eine sida har stengde vegar i indre Hardanger gjort at brukarane i Eidfjord den siste tida har måtta venta svært lenge på hjelp.

– Og det har også hendt at veterinæren kjem heilt frå Kvinnherad eller Etne, og då seier det seg sjølv at det må ta tid, sa rådmannen. Og at Hardangerbrua bind området saman på ein annan måte enn før, må ein også ta med i vurderinga.

– Brua gjer at Eidfjord ligg nærare Voss enn Ullensvang/Odda, minna Tømmerbakke om.

Departementet motvillig

Landbruksdepartementet vil ikkje hindra Eidfjord i å skifta vaktdistrikt, men det vert truga med å dra inn tilskot.

– Vaktdistriktet Eidfjord er med i, får rundt 750.000 kr i tilskot, like mykje som Voss får, sa Tømmerbakke vidare.

Departementet skal evaluera vaktdistrikta i 2020, men det er for lenge for brukarane å venta til dess.

– Sidan det har vore utfordringar med stengde vegar, nokre gonger i lengre periodar, så har Eidfjord kjøpt tenester på Voss, opplyste Tømmerbakke.

Ved å få Eidfjord med i ordninga på Voss, så vil det verta ei robust teneste.

– Dette har også noko å gjera med å få nok veterinærar til å vera med i vaktordninga, sa rådmannen.

Vil ha god dialog

Departementet er invitert til å koma og sjå på avstandane sjølve.

– Me vil gjerne ha ein god dialog, slik at me kan presentera alle sider av saka. Me trur ikkje alt er kome fram like godt så langt, meinte Tømmerbakke.

– Dette handlar om tryggleik for dyra fyrst og fremst, la han til.

Han sa også at parallelt med å få ei løysing administrativt, så har det teke til å røra på seg politisk i saka.

– Uansett ynskjer ikkje me at Eidfjord skal klara seg sjølve i denne saka. Me vil ha ei ordning og ein avtale som alle kan vera tende med, avslutta Tømmerbakke.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.