Avisa Hordaland

«Vil vera diskusjonspart»

KULTURSCENE: Hans Erik Ringkjøb vil gjerne at kommunen skal hjelpa til med å sikra ei framtid for Fraktgodsen, men responsen i formannskapet var ikkje overveldande. Arkivfoto: Tor Halvorsen

Vil vera diskusjonspart

Publisert: 06.02.10 kl. 14.48
Skribent: Anne Rivenes
E-post: ar@avisa-hordaland.no

VOSS: Kommunen vil ikkje sitja i førarsetet for kulturhuset Fraktgodsen, men kan vera med å diskutera gode idear.

Hans Erik Ringkjøb tok opp spørsmålet om framtida for Fraktgodsen i formannskapet torsdag. Det er uvisst kva som vil skje med Fraktgodsen når leigeavtalen mellom Fleischer's Hotel og Rom Eigedom går ut i vår.

– Fraktgodsen er ein folkekjær stad, det veit me alle. Spørsmålet er om me skal la det vera opp til andre, eller om det finst andre måtar å tenkja på. Me kan ikkje ta største børa, men bør diskutera om me eventuelt skal vera fødselshjelp, sa Hans Erik Ringkjøb (Ap).

Ordførar Gunn Berit Lunde Aarvik er skeptisk til at kommunen skal forplikta seg til noko i høve Fraktgodsen, fordi kommunen har sitt eige kulturhus å tenkja på og fordi kommunen har økonomisk ansvar for ei rekkje lovpålagde oppgåver.

– Me har byrja ein diskusjon om stasjonsområdet, der Rom Eigedom er med. Då vil me drøfta bruken av heile stasjonsområdet, som Fraktgodsen er ein del av, sa ordførar Lunde Aarvik.

Leif Arne Vangsnes (Frp) var ikkje klar for ei drøfting av Fraktgodsen, medan Torstein Gunnarson (V) tykkjer det er naturleg å gje signal om at kommunen gjerne vil vera partnar i ein diskusjon – utan at dei «gifter seg» med ein eller annan part.

Interaktivt

Mest lest

Mest tipsa

Siste frå våre biletgalleri

  • Sjå Goa'badne
  • Eigedom
  • Stilling ledig

Du må ha Flash 8 eller nyare for å sjå dette innhaldet

Smått og stort

Bilete til saka «Tur frå Finden til Solrenningen  »

Tur frå Finden til Solrenningen

Finden er ein liten idyll  på sørsida av Sognefjorden. / Les saka

FRAMTIDA: Utviklargruppa ve ABC Startsida som har laga Framtida.no, frå venstre Viggo Normann, Amy Vidler, Anton Babenko, Svein Olav B. Langåker, Dagfinn Reierstøl og Bård Øien. Foto: Tina Jacobsen, ABC Startsida.

Framtida.no: Nyhende- og debattavis for unge

NETT: Frå og med i dag onsdag 1. september, kan unge vera med i debatten og seia kva dei meiner på den nyopna nettstaden framtida.no / Les saka

Bilete til saka «Steinhytta i Torfinnsdalen og Timaglaset»

Steinhytta i Torfinnsdalen og Timaglaset

Turen starta ved hytta ved Grånolten,om Torfinnsheim og over Torfinnsvatnet. / Les saka

Siste frå Voss

Rassikring og stengd stamveg neste veke

E16: Frå neste veke vil vegvesenet setja i gang arbeid ved Godfarskolten og i Kattagjelet mellom Bolstad og Evanger. / Les saka

DANIEL M. KVARME | tekst og foto

Frekt tjuveri hjå Fretex

VOSS: Onsdag kveld har nokon tømd ein konteinar full av klede hjå Fretex. / Les saka

Søk i avisene tilbake til 2004
kan du enkelt gjera her. Skriv inn søkeordet ditt - og du får opp fleire val. Klikk på dei ulike vala og du får opp eit bilete av sida søkeordet dukkar fram på. Klikk på biletet for å lasta ned og kjøpa sida.

Søk i tidlegare utgåver:

Buy and Read

Siste frå Granvin/Ulvik

FRAMTIDA: Utviklargruppa ve ABC Startsida som har laga Framtida.no, frå venstre Viggo Normann, Amy Vidler, Anton Babenko, Svein Olav B. Langåker, Dagfinn Reierstøl og Bård Øien. Foto: Tina Jacobsen, ABC Startsida.

Framtida.no: Nyhende- og debattavis for unge

NETT: Frå og med i dag onsdag 1. september, kan unge vera med i debatten og seia kva dei meiner på den nyopna nettstaden framtida.no / Les saka

SOL, SOL, SOL: Ei heil veke med sol ventar oss, i fylgje dei siste meteorologiske  prognosar.  Yr.no trur på over 20 grader, Vêrvarslinga på Vestlandet lovar minst 17 grader.  Arkivfoto.

Strålande utsikter for helga

VOSS: Litt skyer onsdag og torsdag, men oppklaring frå fredag. Og for helga ser det verkeleg bra ut, sol og fint, opplyser Knut Sætre ved Vêrvarslinga på Vestlandet. / Les saka

Siste frå Vaksdal/Modalen

Rassikring og stengd stamveg neste veke

E16: Frå neste veke vil vegvesenet setja i gang arbeid ved Godfarskolten og i Kattagjelet mellom Bolstad og Evanger. / Les saka

FRAMTIDA: Utviklargruppa ve ABC Startsida som har laga Framtida.no, frå venstre Viggo Normann, Amy Vidler, Anton Babenko, Svein Olav B. Langåker, Dagfinn Reierstøl og Bård Øien. Foto: Tina Jacobsen, ABC Startsida.

Framtida.no: Nyhende- og debattavis for unge

NETT: Frå og med i dag onsdag 1. september, kan unge vera med i debatten og seia kva dei meiner på den nyopna nettstaden framtida.no / Les saka

Bilete til saka «Solnedgang over Hamlagrøvatnet»

Solnedgang over Hamlagrøvatnet

23. august var det ein fin dag og sola gjekk ned i 21-tida - i ein fantastisk solnedgang over Hamlagrøfjella og vatnet. / Les saka

Bilete til saka «Frå Farne Tider»

Frå Farne Tider

Dette biletet er teke frå Hjelle / Les saka

Utviklet i KeyPublisher, et Keyteq AS © 2010 produkt