annonse

Villreinen er attende i Raudafjell

VILLREIN
VILLREIN: Villreinstamma i Raudafjell, som ligg mellom Aurland, Flåm og Raundalen, består av kring 150 rein. Her eit bilete av rein i Nordfjella. (Foto: Kristoffer Ullern Hansen)

Villreinstamma i Raudafjell er no på kring 150 dyr, og grunneigarane ynskjer å få området godkjent som eige villreinareal.

Karl Ystanes

Grunneigarane i Raudafjell, eit høgtliggjande fjellområde mellom Aurland, Flåm og Raun­dalen, vil no ta opp arbeidet med å få fjellområdet godkjent som eit eige villreinområde, med ei jaktbar reinsdyrstamme.

Gamle fangstanlegg som dyre­graver og bogestille fortel at det har vore villrein i Raudafjell i «alle år», og at dyra har vore ein viktig ressurs for folk.

Dyra stakk av

På 1930-talet vart det skipa eit tamreinlag, som heldt rein i Raudafjell fram til midten av 1960-talet. I løpet av siste del av 60-åra og i 1970-åra vart reinsdyra stadig meir ville, etter at tamreinlaget vart avskipa, og eit jaktlag vart oppretta i 1967.

Reinsdyra vart også blanda med dyr som vandra inn frå Hardangervidda-stamma, som på desse tider var svært talrik.

Mot slutten av tiåret slo dyra i Raudafjell fylgje med reinen attende til Hardangervidda, og vart borte frå sine opphavlege trakter.

Etter at dyra forsvann, vart det sleppt ei lita gruppe reinsdyr på ny i Raudafjell. Desse dyra, og ville dyr som har vandra inn frå andre villreinområde, har trekt inn og ut av området, og det har vore kalving i området. Det er likevel ikkje definert som eit eige villreinområde, slik som Hardangervidda og Nordfjella.

No vil grunneigarane be om å få Raudafjell inn på lista over villreinområde, og dei ynskjer høve til å jakta på dyra.

Dette fortel David Gjøstein, som er ein av grunneigarane i sonene som til saman utgjer Raudafjell villreinjaktlag. Han er grunneigar i Eggereide, mellom Reime og Mjølfjell. Området er elles sett saman av sonene Undredal, Aurland, Flåm, Uppsete, Voss, Vossestrand og Nærøydalen.

– Me har kjent til dyra lenge, og no er det teke initiativ til å få liv i det «sovande» styret me har hatt for Raudafjell villreinområde, fortel Gjøstein.

Tidkrevjande prosess

Dette er godt nytt frå eit elles noko trist villreinmiljø, som for tida er prega av at det er oppdaga skrantesjuke på rein i Nordfjella, og der heile stamma på 2300 dyr i dette området skal skytast ned, og området leggjast brakk.

– Me kjenner ikkje til at det har vore tilfelle av slik sjukdom i vårt område, og det er heller ikkje mykje kontakt mellom dyra som går i Raudafjell og dyra i det sjukdomsråka området av Nordfjella. Utanom det veit me ikkje meir om faren for sjukdomen her, enn kva me veit om faren på Hardangervidda, seier Gjøstein.

Han reknar med prosessen med å få ei godkjenning av Raudafjell villreinområde vil ta tid.

– Ja, det vil det nok. No har me aller fyrst kalla inn til årsmøte i laget. Vidare må me få arealet godkjent som villreinareal, og deretter må me få laga ein driftsplan, og det må gjerast av fagfolk. Så det er nok litt fram i tid, før me eventuelt kan ta til å jakta på dyra, men no har me i allefall kome i gang, seier Gjøstein.

På årsmøtet, som skal haldast er 3. juni, står mellom anna historia om Raudafjell, planane vidare for området, korleis reinen har brukt området siste ti åra, på dagsordenen.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse