annonse

Vilt og fint på leir

PÅ LEIR
PÅ LEIR: Medlemmar frå Bordalen 4H, Dyktig 4H, Lystig 4H og Skulestad 4H som var på leir i Rogaland siste veka i juli. (Foto: Privat)

Bordalen 4H, Dyktig 4H, ­Lystig 4H, Skulestad 4H, Gløgg 4H og Høymolen 4H frå Voss, Ulvik og Granvin var sjølvsagt med når 1000 ungdommar frå heile landet storkoste seg på landsleir.

– Eg har det veldig kjekt på leir og kosar meg mykje med gamle og nye vener, seier Hans Almeland Seim, 17 år og medlem av Lystig 4H.

Hans er på leir saman med 93 deltakarar frå Hordaland frå 21. juli til 28. juli.

Leir er livet

For mange 4H-arar er det å reisa på leir utvilsamt høgdepunktet, og landsleir er noko heilt spesielt. I år er meir enn 1000 ungdommar og vaksne samla på Øksnevad vidaregåande skule i klepp kommune i Rogaland. Leirdeltakarane kjem frå absolutt heile landet, frå Finnmark i nord til Agder-fylka i sør.

– Eg vel å bruka sommaren på å reisa på leir for å treffa gamle og nye vener som ein ikkje er med resten av året. Det er ein god sjanse til å treffa folk igjen på leir, seier Hans Almeland Seim.

Sushi og slakt

I løpet av veka leiren varte var ungdommane gjennom eit variert og aktivt program. Mottoet til 4H er «læra ved å gjera», og dei som ville fekk læra å laga sjokolade eller sushi, spela handball, leggja fabelaktig sminke, slakta eller laga gongkaker.

Ungdommane frå Voss, Ulvik og Granvin var med på mellom anna bowling, Rush trampoline­park, paintball, slakting, tur til Preikestolen, bylgjesurfing og sushilaging.

Hans synest det var ein veldig bra leir med mange flinke frivillige folk, supre leiarar, og andre medlemmar frå Hordaland.

Heile fylket i sving

Det var 4H Rogaland, med sine 37 klubbar, som var arrangør for årets landsleir. Landsleiren vert arrangert annakvart år, og den går på rundgang mellom fylka.

– Me har hatt folk frå alle krikar og krokar av Rogaland i sving for å laga leir, og me er svært stolte av leiren vår og alle kjekke ungdommane som har vore her denne veka, seier leirsjef Asle Østbø.

Synne Røthe Sandal, fylkesmediakontakt for 4H Hordaland

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.