annonse

Vindfull helg i vente

Trass i vind
SKIVÊR: Laurdag kan nyttast med ski på beina. Då det meld ein del sol i indre strok og ingen nedbør. (Foto: Ingerid Jordal/arkiv)

Helga vert kald og vinterleg, men vindfull, melder meteorologen i Bergen.

Rolf Tepstad

– Skal ein til fjells på skitur, bør ein velja laurdagen. Då vil vinden liggja rundt frisk bris på det jamne. Men med liten kuling på toppane, seier statsmeteorolog Martin Granerød ved Vêrvarslinga på Vestlandet.

Storm i fjellet

Laurdagen vil det òg bli ein del sol i indre strok av Hordaland, og ingen nedbør. Så alt i alt bør dette kunna verta ein grei skidag, om ein ikkje oppsøkjer dei mest utsette stadene.

– Sundagen vert meir utfordrande. Då vil vinden jamt over liggja rundt storm styrke i fjellet, med både 25 og 30 sekundmeter i kasta. Neppe rette dagen for topptur på ski, seier Granerød.

Sundagen vil det heller ikkje bli særleg sol, men overskya for det meste. Noko nedbør vert det likevel neppe.

Påfyll av snø

– Eit stort nedbørsfelt kjem derimot inn over Vestlandet måndag, og vil då gje fin påfyll med snø. Minst 10 cm og gjerne 20 cm òg oppe i fjellet. I låglandet vil det likevel koma ein periode måndag med temperaturar godt over null, slik at nedbøren kjem som regn. Temperaturen vil likevel falla att mot kvelden måndag, slik at låglandet òg vil ha fått ein god del nysnø når nedbøren gjev seg utpå tysdagen. Så no er det skikkeleg vinter, fastslår statsmeteorolog Granerød.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.