annonse

Vindkraft og kraftliner

KRAFT
KRAFT: Vil du har ei regional kraftline for all framtid med dei konsekvensane dette medfører? spør Ivar Husdal. (Foto: Viggo Jordahl/SV)

I fjella nord for Myrkdalen kan det koma vindmøller (sjå avisa 9. august). Primært der det er inngrep i naturen frå før.

Slik som vegar og regulerte vatn og i nærleik til store kraftliner. I avisa 5. august stadfestar Voss Energi at ny kraftline til Myrkdalen skal byggjast som del av eit regionalt nett. Lina får eit endepunkt på Bystøl, nær Vikafjellet.

Regionalnett vert bygd etter nasjonale retningsliner. Anke på traséval er då, stort sett, bortkasta tid. Hittil har det vore spørsmål om å byggja ei lokal kraftline for å sikra utbygging i Myrkdalen. Lokale politikarar og lag har teke eit standpunkt ut frå dette. Her kunne ein stilla mange spørsmål om tilgjengelig bakgrunnsinformasjon.

Kraftforsyning er i rask endring. Påverknad av vindkraft og solceller er eit døme. Eit anna er montering av ny og dyr straummålar, AMS. Voss Energi sine prognosar for kraftforsyning er forelda. Det er ikkje teke med verknaden av AMS, og at hytter med innlagt straum skal få tilskot på inntil kr 25.000 til solcelle-anlegg. Det fyrste er tvang, det andre er gullrot frå staten, slik at ein kan byggja mindre kraftliner.

Eit spørsmål til alle som les dette: Vil du har ei regional kraftline for all framtid med dei konsekvensane dette medfører? Alternativet er føre-var prinsipp. Ei mindre kraftline kan sikra utbygging i Myrkdalen minst 20 år framover. På den tid vert det eit anna syn på straumforsyning og verdien av urørt natur. Det har vore mange innlegg i avisa dei siste åra om ei 132 kW linje til Myrkdalen og dei problem ei stor kraftline medfører. Ein eventuell anke på konsesjon om ny kraftline bør vera felles anke om storleik på lina.

Men utan stor støtte og litt tilslutnad frå lokale politikarar eller organisasjonar blir det bortkasta tid. Du har frist på sju dagar, for å vurdera om du vil vera med på ei eventuell felles anke, seinast 20. august.

Lukke til.

Ivar Husdal

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.