annonse

Vinnar av Sommar­fotokonkurransen 2018

TIL STØLS
TIL STØLS: Biletet av dei to tantene på tur rørte heile redaksjonen i Hordaland. (Foto: Trond Soldal)

Mellom 369 innsendte foto, ­trekte Trond Soldal til slutt det lengste strået med biletet: Til Støls.

Stine Strand Carlsen

Hordaland har fått inn mange flotte bidrag i Sommarfotokonkurransen. Heile 369 bilete har blitt sendt inn denne sommaren. Juryen, sett saman av journalistar i redaksjonen, fall til slutt for det sjarmerande motivet med dei to eldre damene som går bortover fjellheimen, med vårlam fylgjande etter seg.

– Biletet fortel ei historie, og me vert nyfikne på kven desse damene er. Reint teknisk er biletet også godt komponert og fangar sommaren på ein god måte, står det i grunngjevinga.

På tur med tantene

Soldal vert overraska når Hordaland ringjer for å fortelja det gode nyhendet.

– Dette er jo berre heilt fantastisk, seier Soldal på telefon.

Han fortel at biletet vart teke i juni på ein tur med to av tantene sine.

– Me skulle gå til ein støl i Strandebarm, der tantene mine var mykje i oppveksten. Stølen ligg berre 500 meter frå bilvegen, så det er var ikkje lange biten å gå. Undervegs kom tilfeldigvis tre lam diltande. Då var eg kjapp med å ta opp kameraet, seier Soldal.

– Lamma gjorde heile biletet

Soldal gjekk eit stykke bak tantene sine, og tok biletet med telelinse.

– Eg såg motivet med ein gong. Det rørte noko ved meg. Det var jo lamma som gjorde heile biletet!

Sjølv karakteriserer han seg som ein hobbyfotograf.

– Eg er glad i å ta bilete, og har som regel kameraet med meg på tur. Men det vert ikkje så mykje fotografering som eg kunne ha tenkt meg, seier vossingen, som til vanleg er forlagsredaktør hjå Fagbokforlaget Vigmostad & Bjørke.

Ein fin tur

Vel framme på stølen hadde turfylgjet ein fin dag der fleire minne kom tilbake.

– Det var stor stas å koma opp til det gamle selet. Me åt nista og drakk kaffi i varmt og fint sommarvêr. Mor til tantene mine kom her ifrå, men sjølve er dei vakse opp i Ålvik. Dei har mange fine minne frå somrar på denne stølen, seier Soldal.

Soldal har no vunne eit utekjøkken til verdi av 15.900 kroner, levert av Hageland på Palmafossen. No vert det montering i heimen på Bjørgum.

– Ja, det må me finna ein plass til!

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.