annonse

VM-medalje til Une

VANN SYLV
VANN SYLV: Une Kvelvane (til h.) gjekk 1. etappe på stafetten i junior-VM tysdag. Emilie Kalkenberg i midten gjekk 2. etappe, medan Kjersti Dengerud gjekk siste etappe. (Foto: Privat)

Une Kvelvane var med å ta sylv på stafetten i junior-VM tysdag.

Ørjan Brattetveit

– Det er utruleg kjekt med medalje på stafetten, seier Une Kvelvane. Ho gjekk 1. etappe på det norske laget under junior-VM i Otepää i Estland i dag. Det var kaldt og nokså vanskelege forhold under stafetten, som er 3 x 6 km.

– Det var minus 18 grader og heilt på grensa til at stafetten blei arrangerte. Arrangørane byta om på programmet. Etter planen var det normalen som skulle ha gått i dag, seier Une Kvelvane.

Une Kvelvane som går for Voss skiskyttarlag hadde problem på standplass.

– Det var vanskelege forhold då eg skaut. Og eg måtte ut i ein strafferunde på begge skytingane. Det var litt for mange bom, men eg hadde heldigvis ein skikkeleg god dag i sporet, seier Une Kvelvane.

Ho sende Noreg ut på 9. plass på 2. etappe. Her gjekk Emilie Kalkenberg. Også ho måtte nytta fleire ekstraskot, men unngjekk strafferundar. På siste etappe gjekk Kjersti Dengerud. Ho leverte godt på standplass, og Noreg leia ut frå siste skyting. Men Frankrike vart for sterke i sporet, og tok gullet ti sekund framfor Noreg. Russland kom inn til bronse.

Torsdag går Une Kvelvane for Noreg på normaldistansen. Og etter at resultata er klare frå den distansen, vert laget til sprint og jaktstart teken ut.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.