annonse

Vogntog køyrde i grøfta på Sundve

UTFOR
UTFOR: Eit vogntog køyrde utfor vegen ved Sundve torsdag. (Foto: Jørn Helge Nordgård)
BILBERGAR
BILBERGAR: Bilbergar er på staden, og får vogntoget opp frå grøfta. (Foto: Jørn Helge Nordgård)

Torsdag morgon låg eit vogntog utfor vegen like ved skulen på Sundve.

Marita Saue Hamre

– Flaks at det er haustferie, elles hadde eg vore veldig redd for skuleborna, seier Jørn Helge Nordgård til Hordaland.

Han tipsa om eit vogntog som låg i grøfta på Sundve.

– Føraren har køyrt utfor vegen like etter busskuret på veg mot Voss, fortel Nordgård.

Vest politidistrikt hadde ikkje høyrt om hendinga då Hordaland ringde i 09-tida torsdag. Mykje tyder på at utforkøyringa har skjedd natt til torsdag.

Manuell dirigering under bilberginga

Ifylgje Vegtrafikksentralen skal bilberginga starta i 09-tida torsdag.

– Me veit ikkje når dette skjedde, men det er i alle fall bilbergar på staden, seier Lise Kristoffersen hjå Vegtrafikksentralen.

Det var manuell dirigering på E16 på grunn av bilberginga.

– Trafikken blir sleppt forbi kvart 10. minutt.

Trafikktryggleik

– Kvar er trafikktryggleiken på strekkja på Sundve, undrar Nordgård.

Han meiner at vegvesenet og ordføraren lyt koma på banen, og gjera noko med trafikktryggleiken i området.

– Det er andre traileren som køyrer utfor på kort tid, og me har alt lese i Hordaland at bussjåførane er frustrerte over trafikkbiletet, presiserer han.

Han legg til at dersom sjåføren av vogntoget hadde vore endå meir uheldig, så kunne han hamna midt på skulegarden til Vossestrand barne- og ungdomsskule.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.