annonse

Vogntog stogga med raudglødande bremser rett føre Måbødalen

KONTROLL
KONTROLL: 13. og 14. september hadde Statens vegvesen kontroll på rv. 7, ved både Leiro bom og Brimnes. Biletet er brukt som illustrasjon og er frå ein annan kontroll. (Foto: Daniel Melve Kvarme/Arkiv)
RAUDE
RAUDE: Bjarte Frækaland tok bilete av dei raudglødande bremsene til det utanlandske vogntoget som nyleg vart stogga på veg mot Måbødalen. (Foto: Bjarte Frækaland)

Eit utanlandsk vogntog vart nyleg stogga med raudglødande bremser på Leiro. Det er ikkje uvanleg.

Ingvild Siglen Berger

Om kvelden 13. september hadde Statens vegvesen kontroll ved Leiro bom på rv. 7 Hardangervidda. Der var det fokus på varmgang i bremser, og kontroll av køyre- og kviletid.

– Her fekk eit utanlandsk vogntog pålegg om å venta til bremsene var nedkjølte og på kontroll av bremseklossar/skiver, då temperaturen på alle bremseskivene vart målt til 600 grader, opplyser Bjarte Frækaland i Statens vegvesen.

Bremseskivene var raudglødande då vogntoget vart stogga på Leiro.

– Det er klart at bremseeffekten vert monaleg dårlegare med så varme bremser, bremsebelegget vil til slutt mista effekten med den varmen. Hadde han halde fram i same duren, kan ein jo berre stilla spørsmål om korleis det kunne gått nedover Måbødalen, seier Frækaland til Hordaland.

Ikkje sjeldan kost

Då sjåføren vart stogga, hadde han alt køyrd ei mil i nedoverbakkar.

– Der han vart stogga er ikkje på det brattaste, så me fylgjer med og ser korleis folk bruker bremsene sine. Det var visstnok fyrste gongen hans over Hardangervidda, så han måtte få eit lite bremsekurs, fortel Frækaland.

Sjåføren på vogntoget vart òg meld til politiet for alvorlege brot på døgnkvila. Frækaland fortel at dei til tider opplever ein god del varmgang i bremser.

– Eg er ikkje fast involvert i kontrollar på rv. 7, men etter brannen i Gudvangatunnelen for nokre år sidan var eg med på kontrollar på rv. 7 i fleire periodar. Det er spesielt utanlandske sjåførar det gjeld, som gjerne ikkje har hjelpebrems. Og det gjeld å kunna bruka hjelpebremsen på rett måte dersom ein har det. Elles kan det sjølvsagt òg ha med køyrestilen å gjera, meiner han.

Avskilta på staden

Etter kontrollen ved Leiro bom flytta Vegvesenet seg vidare til kontrollplassen på Brimnes, der dei var både seint om kvelden 13. september og utover ettermiddagen/kvelden 14. september.

Til saman 78 køyretøy var innom kontrollplassane, der 42 av desse måtte gjennomgå grundigare kontrollar. 16 av dei 42 køyretøya hadde skriftlege manglar, medan det vart gjeve seks bruksforbod og eitt køyretøy vart avskilta på staden.

– Sjekk ljosa!

Ved kontrollen på Brimnes vart ein personbiltilhengjar avskilta på grunnlag av store tekniske manglar.

– Fleire fekk påbod om å reparera ljos på tilhengjarar før vidare køyring, og fleire sjåførar fekk manglar der det eine hovudljoset ikkje verka. Så oppmodinga er at alle sjekkar ljosa når haustmørket er på vegj, seier Frækaland.

Kontrollen på Brimnes førte òg til at fire sjåførar vart melde til politiet for brot på døgnkvile og køyring utan bruk av sjåførkort.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.