annonse

Voss administrerer veterinærvakta i vest og aust

VOSS
VOSS: Frå nyttår av vart Voss kommune fast administrasjons­kommune for veterinærvaktordninga i Voss vest og aust vaktdistrikt. (Foto: Daniel Melve Kvarme/Arkiv)

Voss kommune er frå nyttår fast administrasjons­kommune for veterinærvaktordninga i Voss vest og aust vaktdistrikt.

Jan-Egil Dyvik

Det går fram av eit skriv som Tore Henrik Øye, rådgjevar for landbruk i Vaksdal kommune, har sendt til rådmannen i Modalen.

Øye ber Modalsrådmannen om å overføra til Voss kommune tilskot som kjem frå landbruksdirektoratet til kommunale ­veterinærtenester.

Frå april i fjor inngjekk Asle Bjørgaas avtale med Vaksdal og Modalen kommunar, ein fire­årig avtale om veterinærtenester i dei to kommunane.

For at Bjørgaas skal kunna driva som privatpraktiserande veterinær på dagtid, yter dei to kommunane eit årleg driftstilskot på 300.000 kr, går det fram av samarbeidsavtalen.

Vaksdal og Modalen garanterer for kompensasjonen då inntektsgrunnlaget vert redusert ved å flytta primærpraksisen frå Voss til Vaksdal og Modalen.

Det er inngått eigen avtale om veterinærvakt i Voss vest vaktdistrikt, som Vaksdal og Modalen høyrer til.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.