annonse

Voss Resort kastar nytt ljos over skifolket

UTVIDA KVELDSKØYRING
UTVIDA KVELDSKØYRING: 70 ljospunkt lyser opp nedover fjellsida frå Hangur til Bavallen. (Foto: Jan Fredrik Fleischer Tønjum)
TILFREDS SJEF
TILFREDS SJEF: – Tilbakemeldingane frå skigjestene er gode, seier Anna Bryn, dagleg leiar i Voss Resort Fjellheisar. (Foto: Benjamin Berdous/Arkiv)

Voss Resort har brukt fem millionar kroner på å lysa opp åtte kilometer skiløyper, der både Familieløypa og Badnakrokjen kjem fram i kveldsljoset.

Karl Ystanes

Fredag vert det offisiell opning av dei nye kveldskøyringsløypene til Voss Resort. Nye kostnadssparande og miljøvenlege lampar kastar ljos over gamle og nye bakkar, og når heile anlegget vert skrudd på, kan du svinga deg heilt frå toppen av Ekspressheisen, og over fem kilometer nedover i løypene til Slettafjellet og vidare ned i Bavallen. Heile Familieløypa og Badnakrokjen vert også ein del av tilbodet.

Det nye anlegget er på kring 70 ljospunkt som er kopla opp mot tidlegare ljosløyper, som omfattar Storslalåmløypa, Myra, Alfaløypa, Grevlebakken og Vetlebakken, opplyser Voss Resort.

Ny teknologi

– Ny ljosteknologi har gjort dette mogleg. Produkta heiter Alu-hallogen. Det er ikkje LED-teknologi, men lampane er like gjerrige på straum. Dei er testa i ein del skisenter, men ikkje i slikt volum som me har her på Voss. Testkøyringa i desember har vist at det er godt ljos, og tilbakemeldingane frå skigjestene våre er gode, seier Anna Bryn, dagleg leiar i Voss Resort Fjellheisar AS.

– Så bra!

Marknadssjef i Voss Resort, Synva Vinje, trippar etter å få vist fram det nye anlegget.

– Det har vorte så bra! Fleire bakkar er tilgjengelege og det er heilt magisk å sitja i heisen opp, telja stjerner og sjå inn i den mystiske mørke skogen, og så koma opp og gli inn i dalen som er bada i ljos. Det er heilt topp, fortel Vinje, som også kan røpa at tilbodet alt neste år ligg an til å verta utvida med ljos også i bakkane på Slettafjellet.

Utvida opningstider

Ho fortel at delar av løypene har blitt utbetra i samband med at dei har bygt ut snøkanonanlegget og ljosmastene. Heile det nye anlegget har kosta kring fem millionar kroner, og i tillegg er opningstidene utvida.

– Me held ope tysdag, torsdag og fredag og håpar folk vil finna vegen ut i kveldsløypene, seier Vinje.

I morgon vert det offisiell opning av anlegget, ved ordførar Hans-Erik Ringkjøb på Slettafjellet. På programmet står også underhaldning av Badnajazzkoret, fyrverkeri, skirenn og graut med Grebbe Hangur, og jamvel «Ettepaoski» og levande musikk med The Need i Storastovo.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.