VENTELISTE: Det er 100 born på venteliste for fosterheim og besøksheim i Hordaland. Per i dag er 17 familiar på Voss fosterheimar, og no vil barnevernet ha endå fleire.

Voss treng fleire fosterheimar

Det er framleis stort behov for både fosterheimar og besøksheimar i Voss kommune.

Publisert 16.02.2017 kl. 06.01.

Barnevernet på Voss melder at det stadig er behov for fleire fosterheimar på Voss og i Hordaland.

- Det er absolutt behov for fleire, og ikkje berre på Voss. Det er framleis konstant ca. 100 born på venteliste i Hordaland, seier barnevernsleiar Marianne Røynesdal.

Sju nye born gjekk inn under barnevernet si omsorg på Voss i løpet av fjoråret, medan talet var ti i 2015. Barnevernsleiaren melder at det er fleire nye saker som skal opp i år.


Treng besøksheimar

Per i dag er 17 familiar på Voss fosterheimar, og fleire av desse har born frå til dømes Bergen. Røynesdal fortel at det også er behov for besøksheimar i kommunen, som er ein type avlastingsheim der barnet kan koma omkring kvar tredje veke.

- Det er eit tiltak som er veldig populært hjå oss, seier ho.

I november i fjor var 31 born under omsorga til barnevernet på Voss, medan det i dag er 28.

- Nokre av desse 31 har no vorte 18 år og har gått ut av det å vera «under omsorg». Men dei kan seia ja til vidare hjelpetiltak, og dei fleste ynskjer det, fortel Røynesdal.


Normale tal

Ungdommane kan få desse hjelpetiltaka i kvardagen til dei er 23 år, og vert ofte buande i fosterheimen lenger enn fylte 18 år. Talet på born som er under barnevernet si omsorg i kommunen, er det høgaste som har vore nokon gong.

- Likevel er det eit normalt tal med tanke på kommunen sin storleik. Det har vore nokre fleire omsorgsovertakingar, men det er mange ulike årsaker til det, seier barnevernsleiaren.

Ifylgje Røynesdal syner halvtårsrapporten frå barnevernet at talet på born som får frivillige hjelpetiltak av kommunen har auka litt frå november til no, frå 85 til 97. Dei ulike typane tiltak kan vera eigen fritidskontakt, økonomisk støtte til SFO eller barnehage, støtte til fritidsaktivitetar, rettleiing av foreldre og besøksheim, som det altså er behov for fleire av.


Stort press

Barnevernet på Voss går med andre ord ikkje akkurat arbeidsledige for tida.

- Me jobbar konstant med litt i underkant av 200 born, som anten er under omsorg, får frivillige hjelpetiltak eller er i ein undersøkingsfase, fortel Røynesdal.

Og det vert mange born å hanskast med per tilsett.

- I dag er me tolv saksbehandlarar og nokre er i reduserte stillingar. Situasjonen er at me har veldig mykje å gjera og dei tilsette gjer ein veldig god jobb, seier barnevernsleiaren.