KRAFT ELLER LAKS: Vert det kraftutbygging i Raundalsvassdraget kan ein gje opp å berga vossalaksen, meiner Geir Johansen og Ole Kristian Skorve i Voss Jeger- og Fiskarlag. På biletet driv Skorve forsøksfiske i Vosso. ARKIVFOTO: KARL YSTANES

- Kan ikkje redda laksen med kraftutbygging

Berging av vossalaksen kan ikkje kombinerast med noko form for kraftutbygging i Raundalsvassdraget, meiner Voss Jeger- og Fiskarlag.

Publisert 17.02.2017 kl. 07.43.

I si høyringsfråsegn i saka gjev Voss Jeger- og Fiskarlag klart uttrykk for at det vert uråd å halda fram «redningsarbeidet» med vossalaksen dersom politikarane går for vekkføring av vatn frå vassdraget.

- Ved eit reint elvekraftverk på Bjørke tek ein vekk vatn frå strekninga nedanfor Sarpen ved Kløve, som er øvre grense for naturleg vandring. Dette inngrepet kjem i tillegg til det som er planlagt med utvidinga av kraftstasjonen i Palmafossen, skriv formann Geir Johansen og styremedlem Ole Kristian Skorve.


Negative konsekvensar

Laget meiner at desse inngrepa til saman vert særs negative for strekninga oppstraums Vangsvatnet.

- Sarpen kan med enkle grep gjerast oppvandrande for laks, og dette vil kunna utløysa nye verdfulle produksjonsområde, skriv laget.

Vidare påpeikar dei at flaumtunell til Hardanger kombinert med kraftutbygging gjev så negative konsekvensar at det ikkje bør vurderast nærare i det heile teke.


Lite konfliktfylt løysing

Voss Jeger- og Fiskarlag føretrekkjer flaumutløp i naturlege vassvegar, og føreslår å gå for tiltaket med flaumtunell mellom Bolstad og Evangervatnet, flaumtunell frå Liland med eitt utløp i Seimsvatnet og eitt i det gamle utløpet av Torfinno, i tillegg til utvida og oppmudra terskel på Straume for betre passasje av storflaumar.

- For laks, andre fiskeartar og biologisk mangfald, vert vassdraget slik der er i dag. Løysingane er lite konfliktfylte, og dei kan raskt setjast i gang. Dei er også vesentleg rimelegare enn andre tiltak som er nemnt, skriv Johansen og Skorve.


Stort press på vassdraget

I høyringsfråsegna stiller dei også spørsmål ved utrekningar gjort av partar som har økonomiske interesser ved utbygging i vassdraget.

- Me ynskjer at alle utrekningar i høve kraftproduksjon skal utførast av kompetente fagmiljø som ikkje har utbyggingsinteresser i vassdraget, skriv laget.

Vidare stiller dei spørsmål om kva som kan skje dersom vernet vert oppheva.

- Då kan det verta spørsmål om utbygging av andre delar av Vossavassdraget. Kvifor skal til dømes ikkje Bordalselva og Strandavassdraget også kunna byggjast ut? Det vert eit stort press på heile det mangfaldige Vossavassdraget, heiter det i høyringsfråsegna.