TØFFING: Eirik Nestaas (7) vart litt redd då bussen sklei, men ikkje så veldig. - Det var gysla glatt, seier han. FOTO: Ingerid Jordal

- Plutseleg fór me utføre vegen

Eirik Nestaas (7) var på veg til skulen då skulebussen plutseleg sklei ut av vegen. Han og sjåføren måtte venta på å verta berga ut.

Publisert 16.02.2017 kl. 10.17. Oppdatert kl. 17.43.

Like etter klokka 8 kom meldinga om at ein buss hadde køyrt utføre vegen på sørsida av Vangsvatnet, mellom Gjernes og Bulken. Bussen var ein skulebuss på veg til Bulken skule, og 7 år gamle Eirik Nestaas var einaste passasjer i bussen i tillegg til bussjåføren.

- Me kom køyrande her, og me køyrde veldig sakte. Eg tenkte at om me køyrer så sakte som dette, så rekk me aldri skulen, seier Eirik.

SPINNGLATT: - Me køyrde så seint at eg tenkte me kjem ikkje til å rekka skulen. Og så berre for me utfor, seier Eirik. FOTO: Ingerid Jordal

- Det berre skjedde

Plutseleg sklei bussen av vegen.

- Det berre skjedde. Eg vart litt redd, men eg vart ikkje skadd. Eg fekk berre litt ilt i armen, seier 7-åringen.

- Det var gysla glatt på vegen, legg han til.

Eirik og sjåføren vart fanga inne i bussen som sto på skrå utføre vegen. Brannvernet måtte sikra bussen før dei kunne reddast ut.

- Eg sat rett bak sjåføren. Han trøysta meg litt, og eg trøysta han litt, seier han.

Korkje sjåføren eller Eirik vart skadde i uhellet.


- Guten din har vore i ei trafikkulukke

Far til Eirik, Magne Tøn, kom raskt til staden då han fekk høyra kva som hadde skjedd.

- Eg fekk ein telefon frå politiet, og dei sa at guten min hadde vore i ei trafikkulukke og sat inne i bussen. Heldigvis var dei raskt ute med å fortelja at alt hadde gått bra. Men likevel, det var ikkje nokon kjekk beskjed å få, seier han.


Køyrde av vegen på veg til ulukka

På vegen var det spinnglatt, så glatt at Magne sjølv køyrde i grøfta på veg til ulukkesstaden. Han kom seg heldigvis raskt opp att.

- Det er ikkje mykje ein kan gjera på slikt føre som det her. Det er ikkje mogleg å klandra dei som har ansvaret, for det er ikkje mogleg å rekkja over alt når det er eit slikt vêrskifte som me har hatt no. Eg trur dei gjer så godt dei kan, seier han.