Nordhordland tingrett: Motpartar i retten, advokat Kjetil Lundberg på vegner av Voss kommune og advokat Elisabeth Susan Grannes på vegne av den avskjediga kommunestilsette. Etter forliket onsdag, får kvinna jobben tilbake.

Gjekk til sak og fekk jobben attende

Ei kvinne som fekk avskjed frå jobben i Voss kommune i 2014, saksøkte arbeidsgjevaren for urettmessig avskil. Onsdag kom partane til forlik. Kvinna får jobben attende, erstatning for tort og svie og kommunen ber om orsaking.

Publisert 14.01.2016 kl. 09.52. Oppdatert kl. 12.42.

Rettssaka i tingretten byrja tysdag, og det var sett av fire dagar i retten. 15 vitne skulle gje sine forklaringar i saka, som handla om at kvinna meinte seg urettmessig oppsagt av Voss kommune i 2014.

Det vart nedlagt referatforbod frå rettsforhandlingane før saka byrja av tingrettsdomar Eivind Pundsnes.


Forlik etter éin dag

Tingretten skulle ta stilling til om kommunen hadde lova på si side då dei gav kvinna avskjed frå jobben, og til eit erstatningskrav som vart varsla frå sakføraren til kvinna.

Men alt onsdag morgon, før retten vart sett for dag 2, kom partane fram til eit forlik som seier at kommunen dreg attende vedtaket om avskjed.

Kvinna får jobben i kommunen attende, men ho og kommunen skal verta samde om ein ny arbeidsstad for henne.


Kommunen ber om orsaking

Forliket seier også at Voss kommune ber om orsaking for manglande informasjon til kvinna før vedtak om suspensjon og «den merbelastning som saken har medført».

Kommunen må betala kvinna 135.000 kroner i erstatning for «ikke-økonomisk skade».


Må godta åtvaring

I forliket går det også fram at kvinna må akseptera ei åtvaring frå kommunen for eit forhold i 2012 som kommunen tidlegare i saka har omtala som eit alvorleg pliktbrot.

Andre forhold som kommunen tidlegare la til grunn for avskjeden, er i fylgje forliket «frafalt», det vil seia trekte attende av kommunen.

Rettsforliket seier også at partane skal dela sakskostnadene.


Munnkorg overfor media

Ingen av sakførarane til partane vil kommentera saka i Hordaland. Det er også eit vilkår i forliket at ingen av partane uttalar seg til media om forliket eller bakgrunnen for det.

Domar Pundsnes kunne med det heva retten tysdag føremiddag, etter å ha lese opp forliket mellom kvinna og Voss kommune.