Haukeli Expressen til topps

Publisert 17.02.2017 kl. 16.09. Oppdatert kl. 16.17.

Haukeli Expressen eigd av Stall Haukeli Expressen gjekk til topps i 4. løpet på Bergen travpark torsdag. Femåringen gjekk på 30,8, var ei hestelengde i mål famføre nummer to, og henta heile 16.000 kroner i vinnarpremie. I 8. og siste løpet for kvelden kjempa to vossahestar knallhardt om 2. og 3. plassen. Almoda til Brit og Hans Henry Dregelid trekte lengste strået. Tida vart 35,3 og premien 6000 kroner. Bjørketora til Nils T. Bjørke kom frå 40 meter tillegg og tok 3. plassen. Ho gjekk på 33,6 og fekk 4000. I same feltet kom Eldonfaksa til Hans og Henry Dregelid på 8. plass. Tida vart 39,9 og premien 2000.