VART REDDA: Den 7 år gamle guten var på veg til skulen då skulebussen sklei utfor vegen. Her vert han redda ut av bussen som stod i fare for å velta. FOTO: Geir Geitle

Her vert 7-åringen redda ut av bussen

Skulebussen sigla av den spinnglatte vegen på sørsida av Vangsvatnet, og stod i fare for å velta.

Publisert 16.02.2017 kl. 08.17. Oppdatert kl. 17.43.

Like etter klokka 8 torsdag morgon kom meldinga om at ein buss hadde køyrt utføra vegen i Vikjavegen på Voss, på sørsida av Vangsvatnet mellom Gjernes og Bulken. Bussen som køyrde utfor vegen var ein skulebuss, og det var ein elev om bord i tillegg til sjåføren.

DRAMATISK: Bussen stod i ein 45 graders vinkel, og sjåføren og den vesle guten måtte reddast ut av brannvernet. FOTO: Geir Geitle

Tekne ut av bussen

Bussen stod på skrå i bratt terreng, lent inntil ein straumstolpe, og det var fare for at bussen kunne velta. Sjåføren og den 7 år gamle guten var fanga inne i bussen medan brannvernet sikra, og like før klokka ni kom meldinga om at dei var redda trygt ut. Ingen av dei vart skadde i uhellet.

Les intervjuet med den 7 år gamle guten her!

FOTO: Geir Geitle

- Eit sjokk

Etter at han har kome ut av bussen, fortel bussjåfør Truls Dahl om den dramatiske hendinga.

- Eg glei rett og slett av vegen, og det var eit sjokk å oppleva. Etter alt hell stogga bussen mot ein stolpe, slik at han ikkje rulla vidare.

Dahl seier at han og eleven som var inne i bussen hadde skikkeleg flaks.

- Her kunne det gått liv. Eg er veldig glad for at det gjekk så bra som det gjekk.

FOTO: Geir Geitle

Hadde piggdekk og kjettingar

Bussen som køyrde utføre var godt skodd med kjettingar på bakhjula og piggdekk framme. Bussen var ein skulebuss i rute frå Tinghusplassen på Vangen og til Bulken på sørsida av Vangsvatnet. Ulukka skjedde mellom Vangjolo og Nesthus, på ein stad der vegen hella utover og var spegelglatt.

Bussjåføren undra seg over at det framleis ikkje var strødd eller salta, kring 14 timar etter at det ekstremt glatte føret sette inn i 19-tida onsdag kveld.


Spinnglatt

Redaktør Geir Geitle, som er på staden, vil åtvara bilistane som skal ferdast på sørsida av Vangsvatnet mot ekstremt glatte vegar.

- Det er rett og slett spinnglatt. Vegen er heilt glasert, seier han.

Klokka 9.15 melder brannvernet at bergingsbilen har kome fram til staden. Bussen vil verta berga i løpet av dagen, og vegen er no open att.