Kommunen fornya avtalen med Destinasjon Voss

Publisert 16.02.2017 kl. 20.10. Oppdatert kl. 20.13.

I kveld gjekk kommunestyret samrøystes inn for å fornya avtalen mellom kommunen og Destinasjon Voss, når det gjeld drift av turistinformasjonen og nettsida www.visitvoss.no. Den fyrste avtalen vart inngått i 2012. Nytt av avtalen er at den vil gjelda i fem år, og ikkje to år av gangen som før. Destinasjon Voss søkte elles om at det økonomiske tilskotet vart heva med 200.000 kroner, noko som tidlegare har vorte nedstemt i Kraftfondet grunna fondet sin situasjon med lite midlar å dela ut. Difor la administrasjonen opp til at kommunen held fast på same økonomiske nivå som før, og det vart altså vedteke. - Eg vil understreka at årsaka til vedtaket er at det er så avgrensa med midlar i Kraftfondet at ein ikkje kan bruka 200.000 ekstra. Ideelt sett hadde det vore greitt å løyva desse midlane, for dette er eit viktig formål i kommunen. Men Kraftfondet har i alle fall ikkje midlar til det, sa saksordførar Klaus Skjeldal (Ap). - Det kan verta naturleg med ein diskusjon om dette under handsaminga av økonomiplanen, sa ordførar Hans-Erik Ringkjøb. Elles melde Katrine Matthiessen seg ugild i saka, som aksjonær i Destinasjon Voss AS.