INNTAKET: Inntaket til Haugamoen kraftverk er planlagt her, ved Løkjane, medan kraftstasjonen er planlagt bygt i Haugamoen ved Rong. Tiltakshavar er Voss Energi, og illustrasjonen her er henta frå konsesjonssøknaden. Kommunestyret rår no ifrå denne utbygginga.

Kommunen tilrår fire kraftverk

Det var mykje debatt i kommunestyret torsdag rundt uttalen om bygging av sju småkraftverk på Voss. Tre av dei fekk tommelen ned.

Publisert 17.03.2017 kl. 12.00. Oppdatert kl. 12.23.

NVE skal handsama sju ulike søknadar for å byggja småkraftverk i Voss kommune, og torsdag hadde kommunestyret oppe saka der dei skulle innstilla på ein uttale frå kommunen. Då saka var oppe i Utval for miljø og kultur, gjekk utvalet imot administrasjonen si innstilling når det gjeld to av kraftverka og valde å ikkje tilrå utbygging av Urdlandselvi og Storagroe. Elles ynskte dei å rå ifrå bygging av Haugamoen og Togrovi kraftverk, og vidare tilrå bygging av Bjørndalen, Tverrelvi og Kleivelvi kraftverk.

Det var innstillinga frå MKU som vart røysta over torsdag, og saka mana til mykje debatt mellom kommunestyremedlemmene.


Fleire for Kleivelvi

Anne Jorunn Ryum Møen (V) var den fyrste til å ta ordet.

- Me må stoppa opp og reflektera over politikken som har vorte ført dei siste åra. Det har vore ei storstilt utvikling, spesielt i vest. Grøne sertifikat har stimulert til dette. Me kan ikkje stilla oss slik at våre etterkomarar må leita etter urørt natur, sa ho, og slo fast at Venstre går inn for ein uttale der berre Kleivelvi vert godkjend og rusta opp.

- Det har vore etablert sidan krigen, så det er berre rimeleg, sa politikaren.


Seia stopp

Miljøpartiet og SV gjekk også inn for å seia nei til seks av sju søknadar.

- MDG er opptekne av at me ikkje får meir utbygging i kommunen, sa Sveinung Klyve (MDG).

Arnfinn Gjerdåker (SV) tok opp at fylkesutvalet var kritiske til fleire av søknadane.

- Det har også NVE vore før. Dei har peika på at 14 av 20 utgreiingar har grove avvik når det gjeld naturverdiar. Eg meiner det er stor grunn til å ha liten tillit til kva utbyggjarane dokumenterer. I Hordaland er seksti prosent av vassdraga utbygd. No må me seia stopp, sa han.

SV fremja i tillegg forslag om ein generell uttale til «småkraftpakke Voss». Den gjekk mellom anna på at kommunen har bygd ut mange små og store vassdrag, noko som har ført til at biotopar og landskap har vorte skadelidande og at kommunen difor vil vera tilbakehaldne med å tilrå fleire naturinngrep.


Skade?

Hilde Lussand Selheim stilte spørsmål ved om det finst dokumentasjon på skader ved kraftutbygging.

- Me må ha dokumentasjon på slike påstandar før me skal seia nei på det grunnlaget, sa Sp-politikaren.

- Me har masse dokumentasjon på skade. Eit døme er bygginga i Eksingevassdraget, som har påverka laksen, sa Klyve frå MDG.

Lillian Rogne (MDG) meiner all utbygging gjer ein form for skade på naturen. Også Gjerdåker hadde meiningar om det.

- Fleire stiller spørsmål ved om det faktisk finst negative konsekvensar. Eg slit med å ta eit slikt syn på alvor. Kraftutbygging får både landskapsmessige og biologiske konsekvensar, sa han.


Diskuterte Haugamoen

Lussand Selheim slo likevel eit slag for bygging av kraftverk i Haugamoen.

- Utbygging der vil gje betre tilførsel og sikring til Rong. Samstundes er det snakk om ei skånsam utbygging som vil synast lite, sa ho.

Fredrik Skaarer Fjose (H) støtta forslaget frå Lussand Selheim om å tilrå bygging i Haugamoen, og såg ingen grunn til å tvila på søknadane.

- Me må forholda oss til informasjonen me får i søknadane, sa han.

Helge Nævdal (Ap) tok i likskap med Gjerdåker opp vedtaket frå fylkesutvalet.

- Eg deler mykje av bekymringa for naturmangfald og frykta for kva me kanskje kan øydeleggja. I utgangspunktet støttar eg vedtaket frå MKU, men vedtaket frå fylkesutvalet varetek oss på ein god måte, sa han, og ynskte å fremja det som eit tilleggspunkt.


Rår ifrå tre kraftverk

- Å stemma over dette vert jo omtrent lika vanskeleg eller verre enn budsjettet, konkluderte ordførar Hans-Erik Ringkjøb.

Kommunestyret røysta over dei sju kraftverka kvar for seg, og til slutt eit åttande punkt som gjaldt ein generell uttale. Resultatet vart at kommunen rår ifrå bygging i Urdlandselvi, med 16 stemmer imot innstillinga frå MKU. 25 var imot innstillinga frå MKU om å ikkje tilrå Storagroe, som dermed falt. Kommunen går med andre ord for å tilrå utbygging der. MKU rådde ifrå utbygging i Haugamoen, og denne innstillinga vart ståande med 14 stemmer imot. MKU gjekk også for å tilrå Bjørndalen og Tverrelvi, og desse innstillingane vart ståande med elleve stemmer mot begge.


Samrøystes om to

Kommunestyret vedtok elles samrøystes å tilrå Kleivelvi og rå ifrå Togrovi. Det åttande punktet vart også samrøystes vedteke til uttalen, der det mellom anna heiter at «for alle anlegga legg kommunen til grunn at avbøtande tiltak vert gjennomført som omtala i søknadane». Den generelle uttalen frå Arnfinn Gjerdåker og SV fall, med 16 stemmer for. Det vart elles bestemt at vedtaket frå fylkesutvalet skal fylgja saka, etter forslag frå Nævdal.