IKKJE GRUNNLAG FOR Å GÅ INN: - Kontrollutvalet er heller ikkje eit klageorgan og skal ikkje handsama enkeltsaker. Me skal fokusera på rutinar og prosessar, understrekar Oddvar Jansen (Frp). ARKIVFOTO: Jan-Egil Dyvik

Kontrollutvalet vil ikkje ta omkamp på varslingssaker

Kontrollutvalet finn ikkje grunnlag for å gå inn i varslingssaker som tidlegare er handsama i pakt med kommunen sitt regelverk.

Publisert 20.03.2017 kl. 11.57.

- Det er ikkje kontrollutvalet si rolle å bidra til omkampar i saker som alt er ferdig handsama administrativt og politisk, vert det slått fast i referatet etter Kontrollutvalet sitt møte tysdag denne veka, der temaet vart drøfta bak lukka dører.


- Ikkje nye intervju

Bakgrunnen for saka vert opplyst å vera at Kontrollutvalet har teke imot fleire innspel frå enkeltpersonar om tilhøve i Voss kommune, som det vart hevda ikkje er handtert på korrekt måte. Dette gjaldt både den store varslingssaka frå vinteren 2015, basert på hovudverneombod Asbjørn Nyberg sine utsegner i Hordaland, og den ferske rapporten om leiarskap og moglege konfliktar på Voss kulturhus.

- Kontrollutvalet er heller ikkje eit klageorgan og skal ikkje handsama enkeltsaker. Me skal fokusera på rutinar og prosessar, understrekar Oddvar Jansen (Frp), leiar i Kontrollutvalet på Voss, i ein kommentar til Hordaland.

- Har de hatt nye intervju i dei konkrete sakene, for å innhenta supplerande informasjon?

- Nei, me har ikkje hatt eigne intervju med partane, me har berre lese dokument og forsikra oss om at prosessen har vore rett. Og at sakene dermed har fått ei korrekt og rettferdig handtering.

Kontrollutvalet avviser likevel ikkje at det kan vera sider ved sakene som treng vidare oppfylging. I vedtaket frå møtet ber dei difor IHR (Indre Hordaland Revisjonsdistrikt) om å ta med seg enkeltelement i varslingsrapportane når dei vurderer rutinar og prosessar i det vidare arbeidet med den pågåande forvaltningsrevisjonen innan etikk, varsling og vernetenesta.


Gjerme i mindretal

- Føremålet er å sjekka ut at systema er gode nok, understrekar Jansen, som opplyser at desse momenta vil inngå i rapporten Kontrollutvalet har tinga frå IHR, og som skal føreliggja rett over sommaren.

På møtet spela elles Bjarne Gjerme (KrF) inn eit tilleggspunkt, der han ynskte eit vedtak om at hovudverneombod Asbjørn Nyberg ikkje vart handsama på ein rett måte i ei varslingssak frå 2013 og i grunnlaget for to granskingar i 2015. Dette punktet fall likevel, mot Gjerme si røyst.