VART SLEGEN I ANDLETET: Hendinga skjedde her, på bussterminalen på Fengselstomta. Mannen vart irritert, og byrja å slå bussjåføren. ARKIVFOTO: Vidar Herre

Mann gjekk laus på bussjåfør

No etterlyser politiet to personar som kan ha vore vitne til hendinga torsdag kveld.

Publisert 17.03.2017 kl. 14.00. Oppdatert kl. 14.35.

Torsdag kveld vart ein bussjåfør slegen i andletet fleire gonger av ein mann. Hendinga skjedde på ein Tide-buss i rute som stod på Fengselstomta, kring klokka 20.40.

- Det hadde vorte ein diskusjon mellom mannen og bussjåføren, som enda med at mannen slo sjåføren fleire gonger, seier Håvard Skattum i politiet på Voss.


Ukjend gjerningsmann

Mannen forsvann etter hendinga, og politiet veit ikkje kven han er.

- Men me veit at det var to personar på bussen som snakka med bussjåføren etterpå, og som mest sannsynleg har sett hendinga. No ynskjer me å koma i kontakt med dei, slik at me kan finna gjerningsmannen, seier Skattum.


Ikkje hardt skadd

Han fortel at bussjåføren ikkje vart hardt skadd.

- Men han byrja å blø frå andletet, og måtte til legevakta for ein sjekk. Me er veldig interesserte i opplysningar om personen som gjorde dette, seier Skattum.