Prøvde å bryta seg inn i kajakkbua

Publisert 17.02.2017 kl. 14.18. Oppdatert kl. 16.15.

Torsdag vart to menn observert medan dei prøvde å bryta seg inn i den flytande kajakkbua som ligg på Vangsvatnet nedanfor Park hotel. - Mennene vart observert av ein person medan dei sprang vekk frå staden. Dei fekk ikkje teke med seg noko, men hadde gjort skadeverk på døra, seier politibetjent Hilde Aspen. Politiet var ute og såg etter mennene torsdag føremiddag, utan hell.