Seks trailerar mista kontrollen på glatta

Publisert 17.02.2017 kl. 13.47.

Torsdag morgon vart det fullt kaos på vegen ned til PostNord-terminalen på Palmafossen. - Det var seks trailerar som kom med vareleveranser, og då dei skulle køyra ned bakken mot terminalen byrja dei å skli på det glatte føret. Dei vart ståande på «sikk-sakk» nedover vegen, seier Jan Thomas Styve i Voss Bilberging. Ingen av sjåførane vart skadde, men to av trailerane måtte tauast til verkstad.